Symptom ved forgifting med ildtopp
Ildtopp er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med ildtopp
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av ildtopp
Ildtopp er ei fleirårig urt i bergknappfamilien. Den veks seg ganske kompakt, med tjukke, breie blad. Ildtopp finst i variantar med raude, gule og lilla blomar.
Ildtopp kjem opprinneleg frå Madagaskar og er ei populær stoveplante.

Illustrasjon: Mostphotos.com