Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft

Gullranke (Epipremnum aureum) er ei plante som inneheld mildt irriterande plantesaft. Det er ufarleg å få i seg små mengder av planta, men milde og forbigåande symptom frå magen kan førekome.

Gullranke med 5 grøne blad ispedtt kvite flekkar, mot kvit bakgrunn

Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft, som kan gi milde og forbigåande symptom frå magen.

Symptom ved forgifting med gullranke

  • ubehag i munn
  • kvalme
  • oppkast/diaré
  • utslett på hud ved søl med plantesaft

Førstehjelp ved forgifting med gullranke

  • Det er ufarleg å få i seg små mengder med gullranke, og små inntak kan sjåast an heime.
  • Gje litt drikke. Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Vask og skól hud ved søl av plantesaft.
  • Ved større inntak kontakt Giftinformasjonen for råd og vidare veileiing.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Gullranke er ei plante med mildt irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/gullranke/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024