Symptom ved forgifting med gullkurv
Gullkurv er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med gullkurv
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av gullkurv
Gullkurv er ei planteslekt i korgplantefamilien med litt under 40 artar fordelt på Europa, Asia og Nord-Afrika. Den er opprinneleg ikkje viltveksande i Noreg, men finst som staudar med gule blomar. Gullkurv blømer vanlegvis i mai til juni.

Illustrasjon: Mostphotos.com