Symptom ved forgifting med grønnrenner
Grønnrenner er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med grønnrenner
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av grønnrenner
Grønnrenner er ei fleirårig urt i aspargesfamilien. Ho har lange, bandforma blad og kan ha små, kvite blomar.
Grønnrenner kjem opprinneleg frå Sør-Afrika. Kultivarar med kvitstripa blad er vanlege potteplanter.

Illustrasjon: Pongsak Tawansaeng / Mostphotos