Symptom ved forgifting med gerbera
Gerbera er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med gerbera
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av gerbera
Planteslekta omfattar rundt 50 artar, og blir i Noreg dyrka i veksthus til snittblomar og som potteplante. Fargane på gerbera kan variere, du finn blant anna raude, oransje, gule og rosa blomar i slekta.

Illustrasjon: Mostphotos.com