Geitved er ei plante med irriterande plantesaft

Geitved (Rhamnus cathartica) er ei plante med sterkt irriterande plantesaft. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn fem bær frå geitved.

Lysegrå greiner med sorte bær i klynger.

Geitved inneheld irriterande plantesaft, og kan gje symptom frå magen ved inntak.

Giftige plantedelar

Bær, men truleg også bark og blad frå geitved inneheld stoff som hovudsakleg har irriterande og avførande (lakserande) effekt.

Symptom ved forgifting med geitved

  • svie i munn og svelg
  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgifting med geitved

  • Fjern eventuelle planterestar frå munn.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har ete meir enn fem bær frå geitved.

Skildring av geitved

Geitved er busker eller små trær som kan bli opptil 8 meter høge. Greinene er lysegrå, delvis motsette og har ei torn ytterst. Blomane er små, 4-tallige, gulgrøne på farge og 4 mm breie. Geitved får steinfrukt (bær) på 6 til 8 mm. Bæra er fyrst grøne, seinare svarte med grønt fruktkjøtt.​

Lysegrå greiner med sorte bær i klynger.

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Geitved er ei plante med irriterande plantesaft. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 29. august 2024 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/geitved/

Sist oppdatert torsdag 29. august 2024