Symptom ved forgifting med freesia
Planta er lite farleg, og vi forventar ikkje symptom ved ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med freesia
- Fjern eventuelle planterestar fra munn.
- Gi litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av freesia
Freesia er ei slekt med 20 artar opprinneleg frå Sør-Afrika. I Noreg dyrkast den stort sett berre i drivhus og drivbenkar.
Freesia er ein populær snittblom med lang stilk og lange, smale blad. Blomane er velluktande, 3 til 4 cm store og avsmala til eit trangt rør nedtil. Blomane dyrkast ofte som hybridar med varierande fargar.

Illustrasjon: Iordache Magdalena / Mostphotos