Symptom ved forgifting med forglemmegei
Forglemmegei er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med forglemmegei
- Fjern planterestar frå munnen.
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.
Skildring av forglemmegei
Nokre av artane i forglemmegei-slekta er eittårige, andre toårige og nokre er fleirårige. Dei har små blomar som vanlegvis er blåfarga med små, gule skjelblad i røropninga. Eit viktig skiljemerke mellom artane er håra på begeret.

Illustrasjon: Giftinformasjonen