Benjaminfikus

Benjaminfikus (Ficus benjamina) er ei plante i fikenslekta. Planta er lite farleg, og Giftinformasjonen forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Grønne, ovale blader med hvitt langs kantene.

Benjaminfikus har ofte grøne, ovale blader med hvitt langs kantene.

Førstehjelp ved uhell med benjaminfikus

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av benjaminfikus

​Benjaminfikus er opphavleg eit tre som kan bli opptil 30 meter høgt i det normale habitatet sitt, men som her i Noreg er best kjent som ei potteplante.

Benjaminfikus har ofte grøne, blanke blad, men det finst òg andre sjatteringar.

Grønne, blanke blader.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Benjaminfikus. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 10. januar 2025 [henta fredag 21. februar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/ficus-arter/

Sist oppdatert fredag 10. januar 2025