- Ein smak av blomevatn kan som regel sjåst an heime. Dette gjeld også barn.
- Blomevatn som har stått nokre dagar kan innehalde bakteriar som kan gi mageproblem. Kontakt lege dersom ubehaget varar ved.
- Blomevatn med tilsetning av plantenæring er lite giftig. Tiltak er ikkje nødvendig etter ein liten slurk.
- Dersom blomevatnet inneheld noko anna, kontakt Giftinformasjonen for vurdering.
Er det farleg å drikke blomevatn?
Giftinformasjonen har ikkje erfaring med at blomevatn gir forgifting. Ta likevel kontakt dersom det er planterestar i vatnet, eller det er blomevatn frå ei svært giftig plante.

Illustrasjon: Chokniti Khongchum / Mostphotos