Symptom etter inntak av blokkebær
Vi forventar ikkje symptom etter å ha ete blokkebær.
Beskriving av blokkebær
Blokkebær er ei lita, lauvfellande busk med blåsvarte bær som liknar på blåbær. Bæra er derimot lysare enn blåbær, meir avlange og har kvitt fruktkjøt. Dei er dessutan dekte av ei tynn vokshinne.
Blada er blågrøne og runde i spissane. Blada har heil kant i motsetnad til blåbær, som har sagtakka blad.

Blokkebær og blåbær veks side om side ute i naturen. Blokkebær med blågrøne blad, medan blåbær er ljosare grøn i bladfargen.
Illustrasjon: Giftinformasjonen

Illustrasjon: Giftinformasjonen

Blokkebær (bær til høgre) kan ofte ha ei slags "stjerne" i enden av bæret, medan blåbær (bær til venstre) har ein runding/sirkel i enden.
Illustrasjon: Giftinformasjonen