Alocasia-artar

Alocasia-artar inneheld irriterande plantesaft, og kan gi forbigåande symptom frå munn og mage-tarm systemet.

Bladplantar med store, skjoldforma blad.

Symptom ved forgifting med alocasia-artar 

Dersom barnet ditt har smakt på ein alocasia-plante, kan følgjande symptom oppstå: 

  • brennande kjensle på leppe og tunge 
  • sikling 
  • vondt i magen 
  • kvalme 
  • oppkast 
  • diaré 

Førstehjelp ved forgifting med alocasia-artar 

  • Fjern eventuelle planterestar. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kalde produkt som isbitar, iskrem, yoghurt og liknande kan verke lindrande. 
  • Ved kraftige eller langvarige symptom kan du kontakte Giftinformasjonen for ei vurdering. 

Beskriving av alocasia-arter 

Alocasia-artar er stoveplantar, som til dømes Alocasia sanderiana. Dette er bladplantar med store, skjoldforma blad. Blomsterstanden består av eit hylster og ein kolbe.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Alocasia-artar . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 14. august 2023 [henta laurdag 23. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/alocasia/

Sist oppdatert måndag 14. august 2023