Adonis er ei giftig plante

Adonis har fleire artar som er giftige. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på ei adonis-plante.

Våradonis

Våradonis (Adonis vernalis) har gule blomar med spisse, avlange kronblad

Giftige adonis-artar

Adonis-artar (Adonis spp.) som er giftige, er: 

  • haustadonis (Adonis annuum/autunalis) 
  • sommaradonis (Adonis aestivalis) 
  • våradonis (Adonis vernalis) 
  • vinteradonis (Adonis amurensis) 

Symptom ved forgiftning med adonis

Heile planta inneheld giftstoff som kan gi effektar på hjartet. Det er likevel usikkert kor giftig plantane er. 

Førstehjelp ved svelging av adonis

  • Fjern planterestar frå munnen. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen. 

Skildring av adonis-artar

Adonis-artar er hageplantar. Blant desse finn du våradonis (Adonis vernalis), sommaradonis (Adonis aestivalis) og haustadonis (Adonis annuum). Adonis-artar blir 15–35 cm høge.

Våradonis Gule blader og gul kjerne

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Adonis er ei giftig plante. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 10. januar 2025 [henta onsdag 15. januar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/adonis-arter/

Sist oppdatert fredag 10. januar 2025