Julestjerne er ein lite giftig plante for hund og katt

Julestjerne (Euphorbia pulcherrima) har fått eit ufortent rykte som ei giftig plante. Erfaring viser at julestjerne er ei plante med mildt irriterande plantesaft.

Rød julestjerne med grønne blader

Julestjerne gir stort sett milde og forbigåande symptom frå munn og mage.

Symptom etter inntak av julestjerne

Lette symptom frå mage- og tarm (som sikling og oppkast) kan førekomme om hunden eller katten har ete julestjerne.

Symptom er vanlegvis forbigåande og treng ikkje behandling hos veterinær. Kontakt veterinæren din ved store inntak.

Kva skal du gjere om hunden eller katten din har ete julestjerne?

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt drikke.
  • Ved ytterlegare spørsmål om forgiftingsfare, kontakt veterinær.

Kontakt din veterinær ved forgiftninger hos dyr

Giftinformasjonen svarer ikke på henvendelser om forgiftning hos dyr.​​

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Julestjerne er ein lite giftig plante for hund og katt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 12. juni 2024 [henta torsdag 21. november 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/hund-og-katt/julestjerne-er-en-lite-giftig-plante-for-hund-og-katt/

Sist oppdatert onsdag 12. juni 2024