Fullmakt ved kontakt med Helfo

Du kan gje andre fullmakt til å kontakte Helfo på vegne av deg, eller du kan få tilsvarande fullmakt frå andre. Du eller den som skal gi fullmakt, må fylle ut papirskjema som kan sendast inn til Helfo via digitalt skjema.

Foto: Morten Rakke / Helfo

​Kontaktar du Helfo på vegner av nokon andre, må du ha fullmakt.
Foreldre/føresette må òg ha fullmakt frå barn over 16 år. Dette er fordi den helserettslege myndigheitsalderen er 16 år.

Slik går du/de fram for å ordne fullmakt:

1. Den som skal gi fullmakt, må fylle ut og skrive under på dette skjemaet:

​«Fullmaktsskjema for Helfo-henvendelser/Power of attorney form for requests to Helfo (21-00.01)» Bokmål | Nynorsk | English 

 Helseopplysningar er sensitiv informasjon som ikkje bør sendast med e-post. Vi ber deg derfor om å sende fullmakta til Helfo som vedlegg i digitalt skjema.

Hugs å leggje ved kopi av gyldig legitimasjon.

2. Sørg for å skanne eller ta bilete av skjema og legitimasjon, slik at det er klart til opplasting i digitalt skjema. 

Du kan no logge inn på Helfo sitt digitale skjema for å laste opp fullmakt og kopi av legitimasjon: