Innhald i førstehjelpsskrinet
Alle førstehjelpsskrin bør innehalde:
- Plaster, kompress, bandasjar og sårteip
- Sårvask og saltvatn til reinsing av sår og skol av auget
- Små dottar av gassbind (tupferar) for reinsing av sår
- Termometer
- Pinsett og saks
- Ispose
- Eingongshanskar
- Glas eller flaske til augeskol
- Branngelé
- Munn-til-munn maske eller duk
- Febernedsetjande og smertelindrande medisinar (tilpassa riktig alder)
- Medisinsk kol (ved forgiftingar)
- Krem mot kløe
Hugs å fylle på utstyr når noko er brukt eller gammalt. For at utstyret skal vare lengst mogleg, bør du oppbevare det tørt og i romtemperatur.
På tur er det i tillegg lurt å ha med teppe og vern mot vind for å hindre nedkjøling, og refleksvest, telefon, kart og navigeringsutstyr.
Informasjon om posisjonen din
Dersom du ringjer 113, blir posisjonen din spora, men det er ein fordel om du kan fortelje kvar du er. Det er lurt at barn lærer si eiga adresse så tidleg som mogleg, slik at dei kan informere om kvar dei ringjer frå i ein eventuell naudsituasjon.
På hytta kan ein naudplakat vere til hjelp for å forklare posisjonen din. Hos Kartverket kan du lage din eigen naudplakat med posisjon og adresse.
Eigenberedskap
I tillegg til førstehjelpsutstyr bør du ha eit eige beredskapslager i tilfelle naturkatastrofe, terror eller ekstremvêr. Sjå kva du bør ha i beredskapslageret ditt på nettsidene til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Jodtabletter ved atomulykker
Dersom det skjer ei atomulykke, rår styresmaktene personar under 18 år, gravide og ammande til å ta jodtablettar. Statens strålevern vil då gi beskjed. Ikkje ta jodtablettar utan at styresmaktene har oppmoda til det.
Akutt medisinsk hjelp
113Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.
Legevakt
116 117Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
Døgnope
Kontakt Giftinformasjonen
Du kan kontakte Giftinformasjonen ved spørsmål om forgiftingar og forgiftingsfare.