Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Brot i handleddet

Handleddsbrot er brot like ved, eller i handleddet. Brotet kan oppstå i eitt eller begge underarmsbeina. Etter eit brot får du vanlegvis ikkje belaste handleddet på seks veker.

Foto: Colourbox

​​​​​​​​​​​

Behandling av handleddsbrot

​Kva slags brot du har avgjer kva behandling du får. Ansvarleg lege vurderer brotet ditt og måten dette skal behandlast på. Alternativa er operasjon eller gips. Ulike behandlinger blir brukt ved brot i handleddet:

  • Gips. For å halde brotet i stilling mens det gror vert handleddet gipsa, vanlegvis i fire til seks veker.

  • Operasjon med eksternt feste. Ved eksternt feste vert brotet halde i stilling av pinnar som går gjennom huden frå utsida, og inn i beinet på kvar side av brotet. Pinnane blir festa til ei ramme som stabiliserer brotet. Pinnane stikk ut gjennom huda og ramma er festa utanpå handleddet. Ramma og pinnane vert vanlegvis fjerna etter seks til åtte veker.

  • Operasjon med internt feste. Ved internt feste vert brotet halde i stilling ved hjelp av plate og skruer. Det einaste merket etter operasjonen vil være eit operasjonssår/ -arr. Plata og skruene blir ikkje fjerna dersom dei ikkje gjev plager i ettertid.​

Kva kan du gjere etter behandling?

​Uansett kva behandlingsform du får, kan du røre dei ledda som ikkje er i gips eller er opererte. Rørslene skal berre gjerast ved hjelp av eigen muskelstyrke i den skadde handa. Du kan støtte den opererte handa med frisk hand, men ikkje presse for å oppnå meir rørsle.

Alle typer brot og behandling får du vanlegvis ikkje belaste handleddet på seks veker. Det vil seie at du ikkje skal løfte noko eller støtte deg på handa. Du bør bruke handa til lette daglige gjeremål, for eksempel:

  • å kle på deg

  • lese avis

  • skrive på PC

  • strikke

  • knyte skolisser

Vanleg forløp etter operasjon

​Det er vanleg at du er hoven i handa og armen etter operasjon. Dette gjer det vanskeleg å røre handa. Hevelsen vil gradvis avta.

Den første veka bør du ha armen over hjertehøgd det meste av tida. Du kan oppleve litt smerter og hevelse nokre månadar etter operasjonen. Dette varierer med aktivitetsnivået ditt, kor mykje du brukar handa di og med brottypen din.

På sjukehuset vil ein fysioterapeut informere deg, og vise deg øvingar du skal gjera med den skadde armen din. Vanlegvis starter du med øvelser allereie dagen etter operasjonen.

Dersom du er operert vil du normalt vera innlagt på sjukehus i ein til tre dagar. Du vert utskriven når du kontrollerer smertene med smertestillande tabletter, og har komme i gang med øvingane du skal gjera etter operasjonen.

Sår og pinnestell

​Etter operasjon med internt feste

Dersom det siver sårvæske eller bandasjen blir fuktig av andre årsaker bytter du bandasje over stinga. Stinga kan fjernast hos fastlegen din etter 12-14 dagar. Du treng ikkje bandasje etter dette.

Etter operasjon med eksternt feste

Dei første dagane etter operasjonen kan det sive sårvæske og blod frå såra, og det er nødvendig å bruke bandasjer rundt pinnene. Sivinga vil stoppe etter ei tid.

Det er ikkje nødvendig å bruke bandasjer når såra er tørre. Såra har godt av luft, og fuktige bandasjer aukar faren for infeksjon.

Det er viktig å unngå infeksjon og betennelse i knokkelen langs pinnene, og det er derfor viktig å vera nøye med sårstellet etter operasjonen.

Du kan dusje handa når såra rundt pinnene er heilt tørre, vanlegvis etter seks til ti dagar. Skorper som dannar seg i såra skal ikkje fjernast, med mindre dei ”proppar” igjen puss.​

Oppfølging hos lege

​Dersom det på nytt startar å sive eller væske frå eitt eller fleire sår, kan det vera teikn på infeksjon langs pinnen. Dette er ikkje alvorlig, men det kan vera nødvendig å bruke antibiotika. Infeksjonen vil då vanlegvis gå raskt tilbake. Mens sivinga pågår kan det vera nødvendig å bruke ein tynn bandasje rundt pinnane.

Dersom du skulle få aukande smerter, hevelse, lokal rødhet, feber, frysinger eller liknande, kan det vera teikn til meir alvorleg infeksjon.

Kontroll etter behandling

Vanlegvis skal du til poliklinisk kontroll etter om lag seks veker dersom ikkje anna er avtald. Du vil få brev om dato, klokkeslett og oppmøtested.

Dette er meint som generell informasjon og veiledning for deg. Dersom lege, fysioterapeut eller pleiepersonalet gjev andre instruksjoner og retningslinjer skal du sjølvsagt følgje desse.​