Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Når fostervatnet går

Fostervatnet er den væska som fosteret ligg i inne i livmoren din. Om fostervatnet går, men du ikkje har rier, bør du ta kontakt med sykehuset.

Høygravid kbinne
Foto: iStockphoto

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Mengda fostervatn varierer mellom alt frå 0,5 liter til 1,5 liter. Under undersøking av deg vil jordmor/lege få eit inntrykk av kor mykje fostervatn du har, men for å få ein meir sikker undersøking av mengde fostervatn, måler vi det ved hjelp av ultralydundersøking.

Nokon av dei viktigaste funksjonane til fostervatnet er:

  • Fostervatnet fungerer som ein støytdempar for barnet og hindrar at navlesnora kjem i klem.

  • Fostervatnet er med på å hindre infeksjonar hos barnet.

  • Fostervatnet er viktig for utviklinga og modninga av lungene til barnet.

  • Fostervatnet held temperaturen stabil rundt barnet, noko som er viktig for utviklinga til barnet.​​

Når fostervatnet går, men du ikkje har rier

​Det er vanleg at det går hol på fosterhinnene slik at fostervatnet kjem ut mot slutten av opningstida eller når utdrivinga av barnet startar. Men avgang av fostervatnet kan òg vere det første teiknet på at fødselen er i gong. Fostervatnet kan i sjeldne tilfelle komme ut lengje før fødselen er venta.

Om holet i fosterhinnene er stort, renn det rikeleg med væske frå skjeden. Er holet i fosterhinnene lite, vil berre ein liten mengde fostervatn komme ut og mange opplever dette som at dei berre er fuktig nedantil.

Dersom du opplever at du lekker frå skjeden, er det viktig å få konstatert om dette kan vere fostervatn.

 

Mot slutten av svangerskapet har gravide kvinner auka mengde med utflod, og nokon lekker litt urin fordi livmora er stor og pressar mot urinblæra. Dette kan lett bli forveksla med fostervatn. Hugs at fostervatn og urin luktar ulikt, og at utflod har anna konsistens enn fostervatnet som liknar på vatn.

 

Er du veldig usikker på om lekker eller ikkje, kan du ta på deg ein truse med farge som er tørr og ren. Du kan sjå vatn meir tydeleg på farga tøy enn på kvitt tøy, og hugs at bind absorberer godt slik at det kan kjennast tørt ved små lekkasjar av vatn .

 

Om du lekker og meiner at væska ikkje er urin eller utflod, skal du ta kontakt med sykehuset.

 

Behandling

​Kor tid i svangerskapet fostervatnet kjem ut, er avgjerande for kva slags behandling som blir aktuell å gi deg:​​

Frå og med 34 veker av svangers​​kapet​

Det er vanleg at fødselen startar spontant innan eit døgn etter at fostervatnet har gått. Om ikkje fødselen kjem i gong av seg sjølve, bør helsepersonell setje fødselen i gong om lag 24 timar etter at vatnet har gått. Korleis ein gjennomfører igangsetjing av fødsel, kjem an på kor moden, open og klar livmorhalsen din er for fødsel.

​​23-33/34 veke​

Individuell vurdering med omsyn til innlegging på sjukehus. Vi tek alltid medisinske, geografiske, sosiale omsyn.

20-22/23 veke

Individuell vurdering med omsyn til behandling og innlegging på sjukehus.

 

Før svangerskapsveke 20

Prognosen for svangerskapet er i dette tilfelle dårleg. Her kan du lese meir om spontanabort.​​