Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Igangsetting av fødsel (induksjon)

Nokon gonger må fødselen bli sett i gang. Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Det er legen bestemme kva for ein metode som er best for deg og barnet ditt.

Noen ganger må fødselen settes i gang. Her sjekker en sykepleier en gravid kvinne.
Foto: Haukeland universitetssykehus

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. At fødselen startar spontant mellom svangerskapsveke 37 og 42 hos ei frisk mor etter eit ukomplisert svangerskap, er det beste for mor og barn. Men det er ikkje slik for alle. Det kan vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når dette blir vurdert som den beste behandlinga for deg og barnet ditt.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.

Tilvising og vurdering ved igangsetting av fødsel

Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør settast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte, om mogleg – ring alltid til fødeavdelinga før du drar.

Om det oppstår sjukdom eller komplikasjonar i svangerskapet, vil du bli tilvist til spesialisthelsetenesta. Fødselen kan bli sett i gang dersom undersøkingane viser at det er den beste behandlinga for deg og/eller barnet ditt.

Fødselen kan og bli sett i gang dersom svangerskapet er på overtid. Eit svangerskap blir definert som overtidig frå og med dag 294 (fullførte 42 veker). Helsedirektoratet anbefaler terminkontroll hos spesialist i fødselshjelp når svangerskapet har nådd 41 veker. Du vil få time til terminkontroll av jordmora eller legen som følger deg i svangerskapet.

Terminkontroll (veke 41-kontroll)

Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er 7-9 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.

Terminkontrollen kan avtalast til første verkedag som er praktisk gjennomførbar for kvinna og sjukehuset.

Kva skjer under terminkontrollen?

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor eller lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane som gjerast på kontrollen, blir ført på helsekortet.

Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll. Dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll inngår i undersøkinga. I tillegg gjerast følgande undersøkingar:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
  • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
  • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med ny avtale/time til andre terminkontroll – overtidskontroll. For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.

Overtidskontroll (meir enn 42 veker)

​Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor eller lege som følger deg i svangerskapet informere deg om når og kor du skal til overtidsvurdering.

Kva skjer på overtidskontrollen?

På overtidskontrollen blir det gjort ein utvida svangerskapskontroll, der jordmor eller lege oftast også vil gjere ei gynekologisk undersøking. Det blir òg gjort ei ultralydundersøking for å kontrollere barnet.

Ut frå dei undersøkingane som blir gjort, ein samtale med deg og ei vurdering av din og barnets tilstand – blir det lagt ein plan for vidare behandling og oppfølging. Om det blir bestemt at fødselen skal settast i gang, vil legen bestemme kva for ein igangsettingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

Ulike metodar for å sette i gang fødsel

​Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som blir valt, blir avgjort etter ei individuell vurdering.

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli moden. Det vil seie at den blir mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

For å avgjere korleis vi best kan få sett i gang fødselen, må lege eller jordmor gjere ei gynekologisk undersøking. Dei vil kjenne etter om modningsprosessen har starta.

Først etter undersøkinga kan det vurderast kva for ein metode som er best å bruke for å sette i gang fødselen. Er livmorhalsen umoden, blir første steg i behandlinga oftast å sette i verk tiltak for å fremje modning av livmorhalsen. Om livmorhalsen er moden, vel ein tiltak for å få i gang rier.

Modning av livmorhalsen ved hjelp av kateter (Foley-kateter)

Foley-kateter er ein mjuk gummislange som vanlegvis blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering).

Kva skjer under behandlinga?

Kateteret blir ført inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen.

Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret/gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

Korleis verkar kateteret?

Ballongen har to funksjonar; å halde kateteret på plass og modne livmorhalsen for fødsel. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Kor lenge varer behandlinga?

Du kan reise heim etter at kateret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.

Kateteret blir liggande i cirka 18 til 24 timar, om det ikkje fell ut av seg sjølv. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og kan vere smertefulle. Dei kan vare i fleire timar. Hos nokon vil desse utløyse fødselsrier og fødsel.

Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal forhalde deg om kateteret fell ut heime, og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling. Oppstår det endringar hos deg eller barnet etter du har reist frå sjukehuset, må du ta kontakt med fødeavdelinga.

Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Hormonet prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin blir brukt i form av ei stikkpille som blir lagt inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege eller jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere

  • livmorhalsens lengde, posisjon, kor mjuk han er og om han har begynt å opne seg
  • kor i bekkenet barnet er (kalla Bishops score)

Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet, i tillegg til mors rieaktivitet. Det blir alltid tatt ny CTG-registrering før kvar nye stikkpille som blir lagt inn. Legen vil også vurdere om ultralydundersøking av barnet skal gjerast før behandlinga startar.

Før stikkpilla blir lagt inn i skjeden blir du anbefalt å tømme blæra. Når stikkpilla er sett på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at ho fell ut.

Kor lenge varer behandlinga?

Kvar 4.–6. time blir effekten av behandlinga vurdert, altså ein vurderer om det har hatt nokon effekt på livmorhalsen. Om du får rier/samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande.

Ny stikkpille blir lagt inn kvar 4.–6 time inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange stikkpiller som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne. Jordmor eller lege vil fortløpande vurdere effekt av behandlinga og tilstanden til deg og barnet, og ut frå dette planlegge vidare behandling, oppfølging – og sette i verk tiltak.

Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar/samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

Drypp for å stimulere til rier

Når livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxyticindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.

Kroppen blir då tilført hormonet Oxytocin. Det er hormonet Oxytocin som får livmora til å trekke seg saman, og utløyse rier. Riene får livmorhalsen til å trekke seg til side og lagar opning så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Via venflonen får du tilført det riestimulerande hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.

Stikke hol på fosterhinnene – ta fostervatnet

Når fødselen blir sett i gang med oxytocindrypp, blir det ofte kombinert med å «ta vatnet». Det vil seie at jordmor eller lege ved hjelp av ein liten plastkrok lagar eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein amniotomi. Dette vil også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.

Dei aller fleste må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd. Men det hender også at dryppet kan reduserast og eventuelt fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.

Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, bevegelse og aktivitet hos barnet. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag og aktivitet og mors rieaktivitet.

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause.