Heimefødsel er eit privat tilbod
Planlagd heimefødsel med jordmor er ikkje ein del av det offentlege tilbodet. Tilbodet om heimefødsel blir i dag gjeve av privatpraktiserande jordmødrer utan avtale med helseføretaka eller kommunane. Tilbodet er avgrensa av om det finst jordmødrer som tilbyr planlagd heimefødsel i nærleiken av der du bur.
Svangerskapskontrollane er gratis anten dei skjer hos offentleg eller privat tilsette jordmødrer, eller hos fastlegen.
Eingongsstønad ved heimefødsel
Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.
Føreset eit normalt svangerskap
Dersom du ønskjer heimefødsel, er det viktig at du diskuterer dette med jordmor eller lege så tidleg som mogleg i svangerskapet. Då får du betre oversikt over fødetilbodet og valalternativ der du bur, og du får informasjon om vanlege rutinar ved ein planlagd og forventa normal fødsel.
Før ein heimefødsel skal jordmor eller lege avklare at:
- du er frisk
- du har hatt eit normalt svangerskap
- du har eitt barn i magen
- barnet ligg i hovudleie
- du ikkje har hatt keisarsnitt tidlegare
- du har hatt normale svangerskap og fødslar tidlegare dersom du er fleirgongsfødande
Så sant du oppfyller kriteria for heimefødsel, viser forsking at det er trygt med heimefødsel.
Når heimefødselen ikkje blir som planlagd
Det kan skje uventa komplikasjonar under ein fødsel. Føder du heime, kan det ta lengre tid å få hjelp for deg eller barnet. Årsaka kan vere avstanden til sjukehus og avgrensa utsikter til behandling i heimen. Komplikasjonar under fødselen kan gjere at du må flyttast over frå heimen til sjukehus.
Hovudårsaka til overflytting frå heimen til sjukehus er langsam framgang i fødselen. Risiko for uventa komplikasjonar er større for førstegongsfødande kvinner, enn for kvinner som tidlegare har hatt ukompliserte fødslar.
Jordmor bør orientere deg om korleis dei sikrar tryggleik og førstehjelp ved planlagd heimefødsel. Når den planlagde heimefødselen startar, skal jordmora vurdere:
- om fødselen er til termin
- om det framleis er låg risiko for komplikasjonar for deg og barnet i samband med fødselen og i barseltida
- om du framleis ønskjer å føde heime
Lag skriftleg avtale med jordmor
Du må sjølv kontakte og gjere ein avtale med ei jordmor som kan hjelpe til ved fødselen heime hos deg. Avtalen bør vere skriftleg, og bør inngåast i god tid før fødselen finn stad.
Avtalen kan innehalde:
- kor mykje du skal betale
- kor mange svangerskapskontrollar du skal ha
- når jordmor skal vere tilgjengeleg
- kva for tenester jordmor skal yte, til dømes:
- bistand under fødsel
- barselomsorg
- svangerskapsomsorg
- at jordmor følgjer deg til fødeinstitusjon dersom det blir nødvendig å overføre deg under eller etter fødselen
Dersom det viser seg at du ikkje bør føde heime, kan det også stå i avtalen at jordmor søkjer fødeplass ved eit sjukehus du har valt.
Jordmor bør orientere deg om:
- din rett til sjølvråderett, informasjon og medverknad
- jordmor si teieplikt
- jordmor si plikt til strakshjelp
- jordmor si plikt til å be om hjelp frå anna helsepersonell ved behov
Barnet sine rettar ved heimefødsel
Det nyfødde barnet har ein sjølvstendig rett til helsehjelp på lik linje med barn fødde på fødeinstitusjonar. Jordmora skal leggje til rette for at det blir gjennomført helseundersøkingar av det nyfødde barnet.
Jordmora skal også gjere fastlege og helsestasjon kjende med fødselen, slik at barnet får nødvendig oppfølging gjennom helsekontrollar og deltaking i vaksinasjonsprogrammet.
Foreldra har rett til informasjon og medverknad ved helsehjelp til barnet.