Gravid kvinne ligger i en sykehusseng med elastiske bånd med elektroder rundt magen, mens en sykepleier leser av resultatene på en CTG-maskin (cardiotokografi) som måler barnets hjerteslag.

Under svangerskapet

​Fosterbevegelsar og spark

Etter svangerskapsveke 18-20 vil dei fleste gravide kjenne fosterbevegelsar og spark dagleg. Du vil etter kvart lære deg rytmen og aktivitetsmønsteret til barnet.

Nokon foster er meir aktive delar av dagen. Andre reagerer med spark og aktivitet ved høge lydar, når mor er i aktivitet eller nett har ete. Frå svangerskapsveke 28 skal du kjenne at barnet bevegar seg eller sparkar fleire gongar gjennom dagen. Rytmen og aktivitetsmønsteret til barnet er no tydelegare for den gravide. Det er ikkje uvanleg at kvinna må slappe av for å kjenne tydeleg rørsle frå barnet. 

Etter kvart som magen veks blir det mindre plass til rørsle i livmora. Du vil då kjenne aktiviteten til barnet på ein annan måte enn tidleg i svangerskapet. Du skal likevel regelmessig kjenne at barnet er i aktivitet.

Få hjelp til å følgje med på barnets bevegelsar på kjennliv.no

Ver merksam

Er du usikker på om barnet bevegar seg, eller du ikkje har kjent aktivitet på ein stund, kan du prøve å framkalle aktivitet. Gjer noko du veit pleiar å vekkje barnet, som å setje på musikk eller drikke ein søt og kald drikke. Om du har vore travel, sett deg ned og forsøk å slappe av, då er det lettare å kjenne spark. Kjenn etter kva for respons du får. Får du gode spark og bevegelsar, er det ein tilbakemelding om at barnet har det bra. 

Får du ikkje ønskt respons frå barnet, skal du kontakte fødeavdelinga for ein ekstra vurdering og eventuelt kontroll.

Fosterovervaking under fødselen

Det er ulike måtar jordmor og lege kan følgje med på korleis barnet har det før og under fødselen.

Graden av fosterovervaking under fødselen blir vurdert ut frå:

  • korleis svangerskapet ditt har vore
  • om du og barnet ditt er friske
  • om alt ligg til rette for ein normal fødsel
  • om det er faktorar hos deg eller barnet som krev meir overvaking

Fosterlyd

I samband med fødsel omtalar jordmor og lege barnets hjartefrekvens eller puls som fosterlyden. Fosterlyden blir oppgitt i frekvens og regelmessigheit. Normalt vil fosterlyden variere mellom 110-150 slag per minutt. 

Fosterlyd, saman med informasjon om fostervatn (når det er gått), er viktig informasjon om korleis tilstanden til barnet er og korleis barnet taklar fødselen. 

Fosterlyden gir fødselshjelparen god oversikt og kontroll på tilstanden til barnet gjennom fødselen. 

Jordmor lyttar på fosterlyden gjennom heile fødselsforløpet. Mot slutten av fødselen passerer barnet den trongaste delen av fødselskanalen. Då lyttar jordmora oftare enn tidleg i fødselsforløpet. Den siste delen av fødselen er han mest anstrengande for barnet.

Doppler-apparat

Doppler er eit elektronisk apparat som blir brukt til å lytte på barnets hjartefrekvens (fosterlyd). Doppler er eit elektronisk apparat med høgtalar som gjer at fosterlyden kan høyrast av alle i rommet. 

Om jordmor eller lege er usikker eller finn teikn på at barnet ikkje har det optimalt, vil barnet bli overvaka over ein lengre tid. Eventuelt blir barnet overvaka kontinuerleg gjennom heile fødselen.

Lege holder et Doppler-apparat inntil magen på en gravid kvinne og lytter til fosterlyden.

CTG (cardiotokografi)

CTG er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag. Ved hjelp av denne overvakinga blir barnets hjarteslag og kor ofte riane kjem kartlagt. Dette gir eit godt bilete av korleis barnet har det, og kva for ressursar det har til å takle fødselen. 

Ved CTG-overvaking blir to elektrodar (transducere) plasserte på magen din og festa med elastiske band. Den eine registrerer hjartefrekvensen til barnet, den andre registrerer riene. Både hjartefrekvens og riene som blir registrerte, visast på eit display på CTG-apparatet. Registreringa kan skrivast ut. 

Barnets spark eller bevegelsar kan òg registrerast. Det blir anten gjort av apparatet eller ved at du trykker på ein knapp kvar gong du kjenner aktivitet hos barnet. 

Om barnet viser teikn på stress, eller har få ressursar til å takle fødselen, vil barnet bli overvakt kontinuerleg. Døme på dette er fødsel etter svangerskap med komplikasjonar og sjukdom hos mor eller hos barn.  

CTG blir brukt som fosterovervaking ved alle norske sjukehus. Dersom ein treng tilleggsinformasjon om kor mykje ressursar barnet har eller har brukt, kan ein få meir informasjon ved å nytte STAN overvaking eller ta scalp lactat. Begge metodar er godt dokumenterte metodar for fosterovervaking i fødsel. Nokre sjukehus nyttar STAN metoden, medan andre nyttar lactat metoden.

Gravid kvinne blir undersøkt med CTG - carditokografi, og har elastisk bånd med elektrode festet rundt magen.

STAN – fosterovervaking

Metoden STAN er utvikla for å oppdage barn som blir utsett for ein eventuell surstoffmangel i hjartemuskelen under fødselen. Denne metoden gir meir informasjon om tilstanden til barnet enn CTG åleine. STAN er ein metode for fosterovervakning som brukast ved risikofødslar etter svangerskapsveke 36. Ved STAN blir det fest ein elektrode til fosterhovudet under vaginalundersøking. Dette kjennest som eit lite stikk.

STAN blir brukt under aktiv fødsel for å analysere barnets EKG (elektrokardiogram/hjartekardiogram), i tillegg til CTG. EKG er ein metode for å vurdere hjartefunksjonen.

CTG er registrering av fosterets hjartefrekvens og dets variasjonar. Stan-analysen inneheld informasjon om den delen av fosterets EKG som forandrar seg under surstoffmangel. Denne delen av EKG heiter ST, og derfor heiter denne overvakinga STAN (St-Analyse). 

Laktatmåling

På nokre sjukehus blir òg laktatmåling brukt som ledd i fosterovervakinga. Då tar fødselslegen ei lita blodprøve frå hovudhuda til barnet under fødselen. Dette blir gjort for å få meir informasjon om tilstanden til fosteret under fødselen. Undersøkinga må ofte gjentakast fleire gongar i løpet av fødselen.

Jordmorstetoskop

Jordmorstetoskop er eit hólt trerøyr. Det blir plassert på magen din, rett over området der hjarteslaga til barnet kan høyrast best. Ved hjelp av jordmorstetoskop kan jordmor eller lege lytte på barnets hjartefrekvens og puls.

Jordmor lytter til gravid mage med et jordmorstetoskop.

Når barnet er fødd

Jordmor eller lege vil fortløpande informere deg om tilstanden til barnet. Når barnet er fødd blir det tatt blodprøve frå navlesnora. Denne blodprøva blir analysert fordi ho kan gje indikasjon på om barnet har vore utsett for surstoffmangel i fødselsforløpet.

Nyfødt med plaster på hælen

Nyfødtscreening og undersøkelser av nyfødte

Alle foreldre får tilbud om helseundersøkelser av sitt nyfødte barn.

Illustrasjon: Irina Schmidt / Mostphotos

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Alfirevic Z, Devane D, Gyte GM, Cuthbert A. Continuous cardiotocography (CTG) as a form of electronic fetal monitoring (EFM) for fetal assessment during labour [Internett]. Cochrane Database Syst Rev. 2017 Feb 3;2(2):CD006066. doi: 10.1002/14651858.CD006066.pub3. PMID: 28157275; PMCID: PMC6464257 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28157275

Amer-Wåhlin I, Ugwumadu A, Yli BM, Kwee A, Timonen S, Cole V, Ayres-de-Campos D, et al.; Study Group of Intrapartum Fetal Monitoring (European Association of Perinatal Medicine). Fetal electrocardiography ST-segment analysis for intrapartum monitoring: a critical appraisal of conflicting evidence and a way forward [Internett]. Am J Obstet Gynecol. 2019 Dec;221(6):577-601.e11. doi: 10.1016/j.ajog.2019.04.003. Epub 2019 Apr 10. PMID: 30980794 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/30980794

Bohren MA, Hofmeyr GJ, Sakala C, Fukuzawa RK, Cuthbert A. Continuous support for women during childbirth [Internett]. Cochrane Database Syst Rev. 2017 Jul 6;7(7):CD003766. doi: 10.1002/14651858.CD003766.pub6. PMID: 28681500; PMCID: PMC6483123 [hentet 2020-12-07]. Tilgjengelig fra: https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/28681500

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helse Bergen HF

Helse Bergen HF. Overvaking av barn i mors mage. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 8. september 2026 [henta mandag 14. september 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fodsel/fodselsovervaking/

Sist oppdatert 8. september 2026

Fann du det du lette etter?