Fødsel ved hjelp av tang eller vakuum

Det kan oppstå situasjonar under fødselen som gjer at legen må hjelpe deg med å få barnet ut ved å bruke vakuum eller fødselstang.

Baby etter fødsel
Foto: Mostphotos

Når må ein bruke vakuum eller tang?

Dei mest vanlege årsakene til at ein må bruke tang eller vakuum under fødselen:

Barnet

Det kan oppstå situasjonar som krev at barnet blir hjelpt ut fortare enn ved at du sjølv trykker barnet ut:

  • Dersom barnet viser teikn på stress eller det er mistanke om at tilførsel av oksygen til barnet ikkje er optimal.
  • Dersom barnet har stilt seg inn i fødselskanalen på ein ugunstig måte som gjer at fødselsprosessen stoppar eller at barnet treng hjelp til å komme ut gjennom fødselskanalen.

Mor

Det kan oppstå situasjonar som krev at du treng assistanse for å presse barnet ut, som ved:

  • Sjukdom, til dømes hjartesjukdom, høgt blodtrykk, svangerskapsforgifting
  • Langvarig utdrivingstid – lang trykketid
  • Sliten mor

Etter å ha undersøkt deg vil legen bestemme kva slags forløysingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

Vakuum

- også kalla sugekopp eller kopp. Dette er ein metall- eller gummikopp som blir festa på hovudet til barnet ved hjelp av vakuum/undertrykk. Legen kan då hjelpe deg med å trekke barnet nedover i fødselskanalen, samstundes som du trykker.

Etter fødselen vil barnet ofte ha eit merke og heving i huda på hovudet der kor vakuumet blei festa. Hevinga går raskt ned, men nokon barn kan også få eit blåmerke som forsvinn gradvis i løpet av få dagar.

Tang

Ein tang, også kalla fødselstang, består av 2 like armar/bransjar som er forma slik at dei er tilpassa hovudet til barnet. Tangbransjane sluttar seg rundt barnehovudet utan at hovudet blir klemt. Når tanga er sett på vil legen trekke barnet nedover i fødselskanalen samstundes som du trykker.

Det fins ulike typer fødselstenger. Tanga blir også brukt ved setefødsel, for å hjelpe hovudet til barnet ut. Etter ein fødsel ved hjelp av tang, kan du ofte sjå raude merker i huda på barnet sitt kinn. Desse forsvinn raskt etter fødselen. 

Nokon gonger lukkast vi ikkje med å forløyse barnet sjølv om vi bruker vakuum eller tang. Då vil det bli gjennomført keisarsnitt.