Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Dødfødsel

Å miste eit barn før det er fødd opplevast som naturstridig og meiningslaust. Det er ein av dei største tragediar eit menneske kan oppleve.

Å miste eit barn før det er fødd kan opplevast som naturstridig, meiningslaust og ein av dei største tragediar eit menneske kan

Foto: Johnér Bildbyrå AB

​Å miste eit barn er så mykje meir enn berre den store sorga over barnet som døydde. Alle som skal bli foreldre har forventningar, håp, draumar om framtida i lag og gler seg til å bli kjent med barnet sitt. All den gleda du har kjent i svangerskapet, blir plutseleg snudd til fortviling. Foreldra rakk aldri å bli kjent med barnet sitt, kose med det eller vise det fram til familie og vener.

Eit barn som døyr før det er fødd har heller ikkje fått sin identitet bekrefta frå familie og vener. For foreldre kan sorga opplevast som veldig einsam.

Når barnet døyr i mors liv

Alle reagerer ulikt på ein slik hending. Nokon ønskjer å bli lagt inn på Fødeavdelinga med ein gong, andre treng meir tid og vil kanskje ein tur heim før sjølve fødselsarbeidet må bli gjort.

Kvinna blir anbefalt å føde vaginalt, og igangsetjing av fødsel vil skje. Tilbod om god smertelindring (epidural) er sjølvsagt under fødselen, samt tett oppfølging av lege og jordmor.

Dei fleste foreldre ønskjer å sjå, halde, ta bilete og fotavtrykk av deira nyfødde barn. Jordmor legg til rette for at foreldra får den tida dei treng i lag med barnet sitt og for å ta farvel, viss dei ønskjer det.

Oppfølging på sjukehuset

Foreldra har tett kontakt med ein eller få jordmødrer under sjukehusopphaldet. Personalet er der for å gi støtte og praktisk hjelp når tunge avgjersler må bli tatt.

Ved å gi foreldra medmenneskeleg omsorg og tilgjengeleg informasjon, vil personalet prøve å skape ein viss forståing for kva som venter i dei tunge dagane som kjem. Ingen kan ta bort sorga, men kanskje smerta kan lindrast litt.

Tida framover

Sorga påverkar ofte parforholdet mellom foreldra i lang tid framover. Den eine kan oppleve sin sorg veldig ulikt frå partneren. Nokon taklar følelsane sine ved å snakke mykje om barnet og det som har skjedd. Andre foreldre synes sorga blir lindra mest ved å sjå framover og fokusere på positive ting i livet.

Ein må sjølv velje kva som fungerer best for seg sjølv. Det fins ikkje noko fasitsvar på rett og galt, kvar og ein må finne sin eigen veg og respektere korleis den andre veljar å takle sorga.

Sorga påverkar òg relasjonane til familie og vener. Omgivnadene går som regel vidare i sine liv etter få månader «for no er det gått så lang tid». Nokon foreldre opplever dette som sårande fordi for dei opplever desse månadene som veker «katastrofen i vårt liv har jo nettopp skjedd». Etter tre til seks månader sitt mange foreldre igjen med ein kvardag som opplevast som enda tyngre, sorga har for alvor søkkt inn.

Når barnet døyr uventa før svangerskapsveke 23 eller ved provosert seinabort

​Nokon foreldre ønskjer å leggje det vonde bak seg og vil gå fort vidare i livet. Då er det riktig for dei.

Andre opplever stor sorg og kjenner på at det var eit ønska barn som ikkje fekk livets rett. Mange foreldre kan streve med å oppleve at dei får aksept for at dei har mista eit barn. Kvar enkelt har sin unike måte å reagere på og skal møte respekt for dette. Alle har lik rett til å sørgje uavhengig av lengda på svangerskapet eller dødsårsaka til barnet/fosteret.

Dei som har mista eit barn vil få hjelp og støtte fra dei ansatte på sjukehuset.
Foreldre som ø​nskjer meir hjelp kan ta kontakt med Landsforeningen Uventet Barnedød. De får tilbod om individuell støtte, men òg mogelegheit til å komme i kontakt med andre som har opplevd liknande. ​​