Arbeidstakar på skip

Er du norsk statsborgar eller statsborgar i eit anna EU/EØS-land og er arbeidstakar på eit skip i utanriksfart? Då kan du ha rett til å få dekt utgifter til helsetenester ved opphald i utlandet. Gå gjennom alle stega i denne vegvisaren, og du får eit godt bilete av kva rettar du har, og kva du må gjere. Søknadsskjema finn du på steg 5.

Mann ved siden av skip prater i mobil

1

Medlemskap i den norske folketrygda

For å ha rett til å få dekt utgifter til helsetenester ved opphald i utlandet, må du vere medlem i den norske folketrygda.

Du er i utgangspunktet pliktig medlem i folketrygda viss du er statsborgar i Noreg eller eit anna EU/EØS-land, og du er busett eller oppheld deg i utlandet som arbeidstakar på eit norsk skip i utanriksfart. Skipet må vere registrert i Norsk ordinært skipsregister (NOR) eller Norsk internasjonalt skipsregister (NIS).

Dersom du er arbeidstakar på eit utanlandsk skip, må du avklare medlemskapen din i den norske folketrygda med Nav.

Les meir på nav.no om rettar i folketrygda for arbeidstakarar på skip

Døme

Marte blir rekna som busett i Noreg. Ho jobbar som maskinist på eit norsk skip registrert i NOR. Skipet går i utanriksfart, og Marte har rett til helsetenester ved opphald i utlandet.

2

Helserettar i EU/EØS

Dersom du er medlem i den norske folketrygda, har du rett til å få dekt helsetenester tatt imot i andre EU/EØS-land.

Dersom du får helsehjelp under eit mellombels opphald i eit anna EU/EØS-land, kan du nytte Europeisk helsetrygdkort. Dersom du ikkje får nytta helsetrygdkortet, eller ikkje oppfyller vilkåra for å få kortet, kan du søke Helfo om refusjon. Du finn meir informasjon om dette på sidan «Oversikt over helsehjelp i andre EU/EØS-land».

Dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og får helsehjelp i Noreg eller i landet du bur i, kan du lese meir om rettane dine på sidan om arbeidstakarar som jobbar i Noreg, men ikkje bur her.

Døme

Marte har feber og oppsøker lege medan skipet ligg til kai i Marseilles i Frankrike. Ho får antibiotika og beskjed om å ta kontakt med lege på ny om ho ikkje blir betre. Ho viser helsetrygdkortet sitt og betalar berre ein eigendel.

3

Helserettar utanfor EU/EØS

Dersom du er pliktig medlem i den norske folketrygda, har du rett til å få dekt helsetenester tatt imot i land utanfor EU/EØS. Då gjeld reglane om utvida stønad.

Døme

Marte set seg inn i reglane om utvida stønad og finn ut at ho kan få dekt helsetenester også utanfor EU/EØS dersom ho blir sjuk.

4

Reiseutgifter kan dekkast

Reiseutgifter utanfor EU/EØS blir dekt etter dei same reglane som gjeld i Noreg.

Som i Noreg er hovudregelen at du får dekt reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du har brukt. Du må reise til den geografisk nærmaste staden helsetenesta kan gjevast. Les om eigendelar og satsar.

Dersom det ikkje finst eit forsvarleg helsetilbod der du oppheld deg, må du få dette bekrefta frå lege på tilhaldsstaden din for å kunne få dekt reise- og opphaldsutgifter i samband med behandling. Bekreftinga må innehalde informasjon om  

  • at det er medisinsk nødvendig å reise til ein annan by eller eit anna land
  • kvar det nærmaste forsvarlege helsetilbodet finst

Dersom det er medisinske eller behandlingsmessige grunnar til å ha med følgesperson, vil også denne kunne få dekt reiseutgiftene sine.

For å få dekning må reisa vere lengre enn ti kilometer kvar veg og koste meir enn lokal minstetakst med rutegåande transportmiddel. Du må betale ein eigendel per reise.

Dersom du skal søke om refusjon for reiseutgifter, gjer du dette på same skjema som du brukar når du søker refusjon for helseutgiftene dine. Skjema finn du på steg 5.

Døme

Fordi det hasta å få Marte til behandling, blei ho frakta i luftambulanse til eit sjukehus 15 mil unna båten. Ho har fått dokumentasjon frå legen på at sjukehuset ho blei frakta til, var nærmaste stad med forsvarleg helsetilbod, og at det var nødvendig med luftambulanse. Ho har òg dokumentasjon på kvar båten var då ho blei henta av luftambulansen. På bakgrunn av dokumentasjonen kan Martes arbeidsgivar få dekt reiseutgiftene utover eigendelen.

5

Send søknad til Helfo

Når behandlinga er utført, må søknad om refusjon bli send til Helfo. Søknaden må sendast innan 6 månadar.

Du må sende skjema og dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar frå behandlingsdato. Dersom du ikkje har gjort opp på staden, men har betalt i etterkant, bereknar vi fristen frå betalingsdatoen.

​Søknaden må innehalde

  • nødvendig dokumentasjon på helsetilstand, undersøkingar og eventuelt behandling
  • dokumentasjon på kva typar behandlingar som er utførte
  • spesifiserte kvitteringar eller spesifisert faktura med dokumentasjon på at du har betalt for alle utgifter

Du kan sende søknad ved å bruke digitalt skjema dersom arbeidsgivaren din ikkje har dekt utgiftene dine.

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om å få refusjon

Dersom arbeidsgivaren din har dekt utgiftene dine, eller arbeidsgivaren din skal søke om refusjon på vegner av deg, må papirskjema nyttast. Du kan òg nytte papirskjema dersom du ikkje kan søke digitalt.

Send inn følgande skjema saman med dokumentasjon til Helfo:

Dersom du søker sjølv, må arbeidsgivaren din fylle ut punkt 4 på søknadsskjemaet dersom dei har dekt utgiftene.

Du eller arbeidsgivaren din må legge ved oppdatert dokumentasjon som bekreftar namnet på skipet og tidsperioden arbeidsavtalen gjeld for.

Søknaden sendast til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Døme

Martes arbeidsgivar sender inn søknadsskjema til Helfo. Arbeidsgivaren sørger for å legge ved all nødvendig dokumentasjon.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Veiledning Helsenorge

0047 23 32 70 00

Hverdager kl. 08:00 - 15:30

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Arbeidstakar på skip. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 28. august 2024 [henta fredag 21. februar 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/bo-i-utlandet/arbeidstaker-pa-skip/

Sist oppdatert onsdag 28. august 2024