Kvinne gir blod hos blodbanken

Korleis og kvar blir eg blodgivar?

​Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankane eller tappestasjonar i Noreg ved å registrere deg som blodgivar på nettstaden giblod.no.

Du finn også ei oversikt over alle blodbankene i Noreg fordelt på fylke (giblod.no), med kontaktinformasjon og opningstider.

Kven kan gi blod?

Hovudregelen er at du kan melde deg som blodgivar dersom du

  • er mellom 18 og 60 år
  • kjenner deg heilt frisk
  • veg over 50 kg
  • ikkje er i risikogruppe for hiv, hepatitt eller andre sjukdomar som kan overførast med blod

Blodoverføring skal vere trygt både for  blodgivar og mottakar. Derfor vurderer blodbankane kvar blodgivar nøye før dei eventuelt får gje blod.

Du kan gi blod inntil fire gonger i året.

Kven kan ikkje gi blod?

Hovudregel​

Som hovudregel kan du ikkje bli blodgivar dersom du

  • er kronisk sjuk eller har hatt kreft.
  • er i ei risikogruppe for smitte av infeksjonssjukdomar som hiv eller hepatitt.

Som regel kan du ikkje gi blod dersom du bruker faste legemiddel. Dette gjeld ikkje p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte. Ofte er det sjukdomen og ikkje legemiddelet som er årsaka til at du ikkje kan gi blod.

Personar som har injisert narkotika er til dømes permanent utelukka frå å bli blodgivar. Personar som har selt seksuelle tenester kan ikkje gi blod før det er gått 12 månader etter siste seksuelle kontakt.

Menn som har sex med menn kan ikkje gi blod før det er gått 12 månader etter siste seksuelle kontakt. Her er det planlagt  endringar, men føresetnadene for endring er enno ikkje på plass.

I mange land førekjem infeksjonssjukdomar som kan smitte med blod. Du kan derfor bli permanent eller midlertidig utelukka frå å gi blod, dersom du har vakse opp i, eller har vore i enkelt land over lengre tid. 

Tappepause frå blodgiving

I ei rekkje tilfelle kan du ikkje gi blod  i ein kortare eller lengre periode. Det gjeld blant anna om du

  • er gravid
  • har bytt seksualpartnar
  • har teke piercing eller tatovering
  • har vore sjuk
  • har vore på reise i eit land der infeksjonssjukdomar som smittar med blod er utbreidde.

Du skal ikkje gi blod dersom du har luftvegssymptom eller feber. Ved feber er det 14 dagars karantene frå å gi blod, som ein tel frå dagen etter at du er symptomfri.

Du finn ei kort oversikt over kven som ikkje kan gi blod på giblod.no. Reglane for blodgiving er omfattande og detaljerte, og det finns mange grensetilfelle som må vurderast av fagpersonell. Reglane er skildra i «Veileder for transfusjonstjenesten i Norge».

Får eg pengar for å gi blod?

Nei. Blodgiving er frivillig og vederlagsfritt. Dette er ikkje til hinder for at nokre blodbankar gir deg ei lita gåve.

Kva skjer når eg gir blod?

Det tek ca. 30 minutt å gi blod, inkludert kvile.

Slik går det føre seg:

  • Ved kvar blodgiving fyller du ut eit spørjeskjema, viser legitimasjon og blir intervjua.
  • Den som tapper blodet ditt sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at etiketten på blodposane er merkt riktig.
  • Du gir 450 ml blod. Samtidig blir det teke blodprøvar for testing.
  • Etter tappinga har du gitt 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Volumet vil byggje seg opp igjen i løpet av nokre timar. For å førebyggje reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10–15 minutt etter at du har gitt blod, og drikke rikeleg.

Du kan når som helst i prosessen stille spørsmål om du lurer på noko, personalet har teieplikt.

Gode råd til deg som er blodgivar

Det er trygt å gi blod. Av og til kan det likevel oppstå biverknader ved blodgiving. Dei aller fleste er lette og kortvarige. Her finn du råd om korleis du kan førebyggje dei.

  1. Drikk rikeleg før, under og etter blodgiving.
  2. Et noko i løpet av dei siste tre timane før du gir blod.
  3. Ikkje gi blod dersom du er stressa eller sliten.
  4. Sei frå dersom du får sterke eller uvanlege smerter ved innstikk eller medan du gir blod.
  5. Ikkje løft tungt med armen dei første dagane etter blodgjeving.
  6. Kvil i minst 10–15 minutt etter at du har gitt blod.
  7. Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod.
  8. Unngå å stå oppreist lenge den dagen du har gitt blod.
  9. Kontakt Blodbanken dersom du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gitt blod.

Det er viktig at du melder frå til Blodbanken dersom du opplever ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving.

Derfor er det behov for blodgivarar

Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig.

Mange pasientar kan ikkje overleve utan blodoverføring. Desse pasientane er avhengige av hjelp frå blodgivarar.

Blod held seg berre i ei avgrensa tid. Derfor må blodbankane heile tida få påfyll av nytt blod for ikkje å gå tomme. Kvar år er det behov for mange nye blodgivarar, for å erstatte dei som ikkje lenger kan gi blod grunna alder, sjukdom, legemiddelbruk eller liknande.

Blodgivarar er livsviktige for helsetilbodet i Noreg. Melder du deg som blodgivar, gjer du derfor ein viktig samfunnsinnsats.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Vil du bli blodgivar? . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 15. april 2026 [henta fredag 17. april 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/bli-blodgiver/

Sist oppdatert 15. april 2026

Fann du det du lette etter?