Innbygger med minste pensjonsnivå slepp eigendelar på blå resept

Personar med minste pensjonsnivå (minstepensjonistar) har fritak frå å betale eigendel på blå resept under frikort-ordninga. Dette kan gjelde eigendelar både for medisin, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell.

Dersom ein minstepensjonist likevel må betale eigendelen under opptening til frikort for helsetenester på apotek eller hos bandasjist, vil Helfo automatisk refundere eigendelen i etterkant.

Når Helfo har mottatt informasjon frå apotek eller bandasjist om eigendelen, vil det ta inntil fem dagar før du har pengane på konto.

Illustrasjonsfoto av en som skriver på tastatur

Sjekk at du har riktig kontonummer registrert for frikort-utbetalinger fra Helfo

Hvis du trenger å endre eller legge inn kontonummer for frikortutbetalinger fra Helfo, gjør du det her på Helsenorge.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Enkelte mottakarar kan oppleve at minstepensjonist-statusen deira vert endra. Har du spørsmål om pensjonsstatusen din, må du kontakte Nav (nav.no).

På Veiledning for Helsenorge (23 32 70 00) kan du få svar på om du har fritak for å betale eigendel, og om du har status som minstepensjonist.

Du kan lese meir om minste pensjonsnivå på nav.no.

 

Sist oppdatert mandag 2. september 2024