Eingongsstønad ved heimefødsel

Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.

Foto: Morten Rakke / Helfo
Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon). Eingongsstønaden er på 2750 kroner. Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.

Send søknad digitalt til Helfo

Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.

Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.

Papirskjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

​«Søknad om engangsstønad ved hjemmefødsel/fødsel utenfor institusjon (05-13.00)» Bokmål | Nynorsk

Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

​Kontaktar du Helfo på vegne av nokon andre, må du ha fullmakt.