Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt

Du kan få dekt delar av utgiftene dine til nødvendige undersøkingar ved private laboratorie- og røntgeninstitutt. Vanlegvis må du betale ein eigendel.

Du får dekt fleire typar undersøkingar, der eigendelane vil telje med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

For at du skal ha rett til stønad til undersøkinga frå folketrygden, må laboratoriumet eller røntgeninstituttet ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking startar. Laboratoriumet eller røntgeninstituttet har plikt til å informere deg som pasient dersom det ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før undersøkinga startar, om du må betale heile regninga sjølv. Denne plikta følgjer av helsepersonelloven paragraf 6.

Finn frikortet og sjekk egenandeler

Her kan du finne frikortet ditt, se registrerte egenandeler og endre kontonummeret ditt.

Radiologiske undersøkingar

For at du skal få dekt utgifter til røntgenundersøkingar, MR, CT og ultralyd, må du ha tilvising frå lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.

Det private røntgeninstituttet må ha avtale med regionalt helseføretak. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva røntgeninstitutt du kan bruke.

Du kan òg bruke eit institutt som ikkje har nokon avtale, men du må då bere alle kostnadene sjølv.

Laboratorieprøvar og undersøkingar

Laboratorieprøven må vere rekvirert av lege, tannlege eller jordmor. Mange fastlegar og spesialistar har utstyr til å utføre laboratorieundersøkingar sjølv.

Legen kan òg sende prøven til eit privat laboratorium. Det private laboratoriet må ha inngått ein avtale med eit regionalt helseføretak for at du skal få dekt utgiftene. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva laboratorium du kan bruke.

Du kan òg bruke legar og laboratorieinstitutt som ikkje har avtale, men då må du bere alle kostnadene sjølv.

Kontakt det regionale helseføretaket for å få ei oversikt over kven dei har avtale med.

Betaling av eigendel

Eigendelstak for frikort

Du får frikort for helsetenester innan tre veker etter at du har betalt over 3165 kroner i eigendelar.

Det er berre godkjende eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

Dette gjeld berre røntgen- og laboratorieinstitutt som har avtale. Dei som ikkje har avtale, kan fritt fastsetje ei pasientbetaling. Denne tel ikkje med i grunnlaget for frikort.

Du får tilsendt ein SMS eller e-post når vedtaket om frikort er fatta, avhengig av kva varselval du har gjort på Helsenorge.

Har du betalt for mykje, får du automatisk tilbake det du har krav på.

Fritak for eigendelar

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna:

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 1. januar 2024 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-pa-laboratorier-og-rontgeninstitutt/

Sist oppdatert måndag 1. januar 2024