Eigendelar på laboratorium og røntgeninstitutt

Du kan få dekt delar av utgiftene dine til nødvendige undersøkingar ved private laboratorie- og røntgeninstitutt. Vanlegvis må du betale ein eigendel.

Foto: Morten Rakke / Helfo
Du får dekt fleire typar undersøkingar.

Radiologiske undersøkingar

For at du skal få dekt utgifter til røntgenundersøkingar, MR, CT og ultralyd, må du ha tilvising frå lege, tannlege, kiropraktor eller manuellterapeut.

Det private røntgeninstituttet må ha avtale med regionalt helseføretak. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva røntgeninstitutt du kan bruke.

Du kan òg bruke eit institutt som ikkje har nokon avtale, men du må då bere alle kostnadene sjølv.

Laboratorieprøvar og undersøkingar

Laboratorieprøven må vere rekvirert av lege, tannlege eller jordmor. Mange fastlegar og spesialistar har utstyr til å utføre laboratorieundersøkingar sjølv.

Legen kan òg sende prøven til eit privat laboratorium. Det private laboratoriet må ha inngått ein avtale med eit regionalt helseføretak for at du skal få dekt utgiftene. Spør legen din eller det regionale helseføretaket om kva laboratorium du kan bruke.

Du kan òg bruke legar og laboratorieinstitutt som ikkje har avtale, men då må du bere alle kostnadene sjølv.

Kontakt det regionale helseføretaket for å få ei oversikt over kven dei har avtale med.

Betaling av eigendel

Godkjende eigendelar tel med i grunnlaget for frikort eigendelstak 1. Dette gjeld berre røntgen- og laboratorieinstitutt som har avtale. 

Dei som ikkje har avtale, kan fritt fastsetje ei pasientbetaling. Denne tel ikkje med i grunnlaget for frikort.

Fritak for eigendelar

Nokre pasientgrupper får fritak frå å betale eigendel. Det gjeld mellom anna ved

  • undersøking og behandling i samband med graviditet og fødsel
  • behandling av barn under 16 år
  • psykiatrisk behandling av barn og ungdom under 18 år
  • yrkesskade
  • allmennfarlege smittsame sjukdomar