Eigendelar hos psykolog

Du kan få dekt delar av utgiftene til behandling hos psykolog som er spesialist i klinisk psykologi. Du må vanlegvis betale ein eigendel.

Foto: Morten Rakke / Helfo

Du treng tilvising frå lege, psykolog eller barnevernsleiar for å få dekt utgifter.Utan tilvising kan du få dekt utgifter til opptil tre utgreiingssamtalar.

For at du skal få dekt utgifter, må psykologen ha avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak. Du kan finne ut om psykologen har fått driftstilskot, ved å spørje psykologen direkte eller gå til nettstaden til det regionale helseføretaket du høyrer til.

Dersom du går til ein psykolog utan driftstilskot, må du betale alle kostnader sjølv.

Du kan oppsøkje i EU/EØS-området, leggje ut for utgiftene og sende søknad til Helfo om å få dekt delar av utgiftene, i etterkant.

Betaling av eigendel hos psykolog

Du må betale ein fast eigendel for kvar behandlingstime hos psykologen. Eigendelen varierer avhengig av kor lenge konsultasjonen varer. Det går fram av forskrift til folketrygdlova § 5-7 kva som er godkjend eigendel.

Psykolog Egenandel
Ordinær egenandel (1/2 eller 1 time)351 kroner
Sesjon 1,5 time527kroner
Sesjon 2 timer702 kroner
​Sesjon 2,5 timer ​878 kroner
Sesjon 3 timer1053 kroner
Gruppeterapi, minst 2 timer351 kroner
Gruppeterapi, minst 3 timer527 kroner
Eigendelen tel med i grunnlaget for frikort for eigendelstak 1.

Barn og unge slepp eigendel hos psykolog

Barn og ungdom under 18 år slepp å betale eigendel hos psykolog.
 
Dersom du meiner at psykologen krev for høg eigendel, bør du ta dette opp med psykologen. Du kan òg ta opp saka med det regionale helseføretaket.

Psykologar med avtale om driftstilskot

Her finn du lenker til nettsidene i kvar helseregion med oversikt over psykologar som har inngått avtale om driftstilskot med eit regionalt helseføretak: