Kiropraktor – behandling og betaling

Kiropraktorar er offentleg autorisert helsepersonell som undersøkjer og behandlar muskel- og skjelettlidingar. Helfo gjev stønad til slik behandling.

Bilde av en kvinne hos kiropraktor

Innanfor muskel- og skjelett-lidingar kan kiropraktorar 

  • utføre undersøking og behandling med refusjon, utan tilvising frå lege 
  • vise pasientar vidare til legespesialist  
  • vise pasientar til bildediagnostikk (for eksempel røntgenundersøkingar) 
  • sjukmelde pasientar i opptil tolv veker

Betaling hos kiropraktor

Helfo utbetaler stønad etter fastsette takstar, mens kiropraktoren har fri prissetting. Stønaden frå Helfo utgjer berre ein liten del av dei totale kostnadane for deg som er pasient.

Helfo gir ein stønad på 107 kroner for førstegongs undersøking, deretter 46 kroner for kvar av dei andre behandlingane du har krav på refusjon for. Desse skal automatisk trekkast frå rekninga du får frå kiropraktoren. Helfo gir stønad til behandling av muskel- eller skjelettplager hos kiropraktor.

Utgiftene til behandling hos kiropraktor er ikkje eigendelar som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Utgreiing hos kiropraktor

Kiropraktoren skal undersøke helseplagene du har, både gjennom ei fysisk undersøking og spørsmål om plagene du har. 

Kiropraktoren vil sjekke kor godt du kan bevege ledd og musklar og leite etter smertekjelder i kroppen din.  

Kiropraktoren kan også spørje deg om eventuelle 

  • sjukdommar og skader du har hatt før 
  • medisinar du tek 
  • belastingar i heimen og på arbeidsplassen din 

Kiropraktoren kan ved behov vise deg (henvise) til fastlegen eller til spesialisthelsetenesta for utgreiing.

Behandling hos kiropraktor

Du vil får individuelt tilpassa behandling basert på 

  • sjukehistoria di 
  • undersøkinga hos kiropraktoren 
  • eventuelle funn frå bilet-diagnostikk
  • Behandlinga kan mellom anna bestå av informasjon og rådgjeving for plagene dine
  • ulike behandlingsteknikkar, som for eksempel leddmanipulasjonsbehandling («knekking»)
  • øvingar 

I behandlingsforløpet kan kiropraktoren samarbeide med fastlege, fysioterapeut, legespesialistar i spesialisthelsetenesta eller andre.

Tilvising (henvising) til kiropraktor

Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få behandling hos kiropraktor, og med det rett til stønad frå Helfo. Du må sjølv finne informasjon om kiropraktorar der du bur.

Krav til kiropraktorar

​I Noreg må ein vere autorisert av Helsedirektoratet for å kunne kalle seg kiropraktor. 

Kiropraktorar er som anna helsepersonell i Noreg bundne av kravet om at arbeidet deira er fagleg forsvarleg, slik det er omtala i Helsepersonelloven (lovdata.no).

Dersom det skjer feil eller skade som følgje av kiropraktisk behandling hjå ein kiropraktor i Noreg, har pasienten rettar ifølgje Pasient- og brukarrettsloven (lovdata.no).

Som autorisert helsepersonell er kiropraktorane også underlagde fagleg tilsyn og klagebehandling hjå Helsetilsynet.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet, Helfo

Helsedirektoratet, Helfo. Kiropraktor – behandling og betaling . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 25. mars 2024 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/behandlere/betaling-hos-kiropraktor/

Sist oppdatert måndag 25. mars 2024