Kvinne får hjelp av en bandasjist til å kjøpe bandasjemateriell.

​​Foto: Helfo / Morten Rakke

Kva kan du få dekka?

Du kan få delvis dekning av utgiftene dine til bandasjemateriell, medisinsk forbruksmateriell og reseptfrie legemiddel for behandling av kroniske og alvorlege sår og fistlar.

Når du har betalt meir enn 2293 kroner i eit kalenderår (2213 kroner i 2025), kan du søke om å få dekka 90 prosent av utgiftene som overstig eigenbetalinga på 2293 kroner i 2026. Denne eigenbetalinga inngår ikkje i frikort-ordninga for helsetenester.

Behovet reknast som kronisk når det er forventa å vare i tre månader eller meir i løpet av eitt år.

Materiellet og dei reseptfrie legemidla må være kjøpt på apotek eller hos bandasjist i Norge. 

Behovet for bandasjemateriell må vare minst tre månader i løpet av eitt år.

Helfo kan dekke deler av utgiftene til kompresjonsstrømper til behandling av leggsår, og til bomullshanskar når hanskane blir brukt direkte i sårbehandlinga av brannsår.

Helfo dekker ikkje utgiftene dine dersom det er kommunens helse- og omsorgsteneste som utfører sårbehandlinga.

Medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose frå 1. januar 2026

Frå 1. januar 2026 får du ikkje lenger dekka utgifter til medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose etter bidragsordninga. Du kan få stønad til medisinsk forbruksmateriell ved moderat til alvorleg iktyose på blå resept § 5, punkt g. Legemiddel ved iktyose kan dekkast etter blåreseptforskriften §§ 2 og 3. Det er legen din som må rekvirere på blå resept og søke Helfo på vegne av deg.

Du treng ei legeerklæring

Før du søker om å få dekka utgiftene dine første gang, må Helfo ha mottatt ei legeerklæring frå legen din. Du kan enten be legen sende den direkte til Helfo, eller legge ved legeerklæringa når du sender inn kvitteringane.

Dersom søknaden din blir innvilga, får du eit tidsavgrensa vedtak frå Helfo. Har du behov for vidare behandling etter at vedtaksperioden er gått ut, må du sende inn ei ny legeerklæring.

Legeerklæringa må innehalde følgande opplysningar:

  • Namnet ditt, adressa di og fødselsnummeret ditt
  • Sår-diagnose, sårets tilstand og lokalisering av såret
  • Grunngjeving (begrunnelse) for lengde på behandlinga
  • Behovet for materiellet må vare i minst tre månader i løpet av eitt år
  • Stadfesting (bekreftelse) på at det ligg føre ein sårprosedyre
  • Kven som utfører sårstellet

Dersom sårstellet er fordelt mellom pasienten/pårørande og kommunens helse- og omsorgsteneste, kan Helfo gje bidrag til materiellet som pasienten/pårørande kjøper og bruker i sårbehandlinga.

Når kommunens helse- og omsorgsteneste utfører sårstellet, er dei ansvarlege for å dekke utgiftene til bandasjemateriellet, det medisinske forbruksmateriellet og de reseptfrie legemidla.

Send søknad til Helfo

Du kan søke om å få refundert utgifter til bandasjemateriell, medisinsk forbruksmateriell og reseptfrie legemiddel ved å bruke Helfos digitale skjema.

Vær merksam på at Helfo må ha fått legeerklæringa før saka kan behandlast.

Du søker om refusjon ved å sende Helfo spesifiserte kvitteringer.

En spesifisert kvittering må innehalde

  • produktnamn
  • pris
  • kjøpsdato
  • namn på forhandlar

Helfo kan godta faktura i staden for kvittering dersom ei stadfesting (bekreftelse) på at utgifta er betalt og sendes med. Har du handla på nettapotek, og manglar gyldig kvittering, må du kontakte nettapoteket for å få kvitteringa.

Du må sende søknaden med kvitteringar til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Saksbehandlingstida til Helfo er inntil åtte veker for desse søknadane.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du i staden fylle ut kvitteringsskjema og sende det inn saman med originale, spesifiserte kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Det kan være lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei.

Saksbehandlingstid for refusjon av helseutgifter og svar på søknad

Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om for dekning av utgifter til bandasjemateriell, medisinsk forbruksmateriell og reseptfrie legemiddel er normalt inntil 8 veker.

Helfo sender deg vedtak som gjeld saka di til innboksen din på Helsenorge (eller i di digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikkje bruker digitale løysinger, sender vi post til den folkeregistrerte adressa di.

Fullmakt ved kontakt med Helfo

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende Helfo dokumentasjon, for eksempel kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande, gjer du det i Altinn.

Det er svært viktig at du fyller inn saksnummeret til di eksisterende sak i Altinn. Då kan vi behandle saka din raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000».

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helfo

Helfo. Betaling for bandasjemateriell, forbruksmateriell og reseptfrie legemiddel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 1. januar 2026 [henta lørdag 29. august 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/betaling-for-helsetjenester/betaling-for-bandasjemateriell-forbruksmateriell-og-reseptfrie-legemidler/

Sist oppdatert 1. januar 2026

Fann du det du lette etter?