Kjøp av næringsmiddel utanfor EU/EØS
Du kan ha rett til å få refundert utgifter til næringsmiddel kjøpt utanfor EU/EØS. Gå gjennom alle stega i denne vegvisaren, og du får eit godt bilete av kva rettar du har, og kva du må gjere. Søknadsskjema finn du på steg 3.

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo
Rettane dine
Er du utsend arbeidstakar, student eller utflytt pensjonist og medlem i norsk folketrygd, kan du ha rett til å få refundert utgifter til næringsmiddel kjøpt i utlandet.
Du kan få stønad dersom du legg fram legeerklæring på at du lid av
- sjuklege prosessar i munn, svelg, matrøyr, mage eller tarm som hindrar tilførsel eller opptak av vanleg mat
- stoffskiftesjukdom
- alvorleg, behandlingsresistent epilepsi
- laktose-, mjølkeproteinintoleranse eller mjølkeallergi (gjeld barn under 10 år)
- fenylketonuri (Føllings sjukdom)
- kreft/immunsvikt
- annan sjukdom som medfører sterk svekking
Du kan få refundert utgifter til næringsmiddel som tilsvarer produkt som er oppførte på Helfos produkt- og prislister (helfo.no).
For å få refundert utgifter til næringsmiddel må næringsmidla vere kjøpt med resept. Dette gjeld sjølv om produkta kan kjøpast reseptfritt. Det er ikkje tilstrekkeleg å sende inn berre kvitteringar.
Døme
Fiona studerer i Johannesburg og har med seg sonen Vetle på fem månadar. Vetle har påvist mjølkeproteinallergi og må ha morsmjølkerstatning. Han har vedtak frå Helfo, og Fiona kjøper morsmjølkerstatning på apoteket. Fiona forsikrar seg om at ho har kjøpt eit produkt som tilsvarer eit produkt som er oppført på produkt- og prislista.
Hugs dokumentasjon!
Hugs å sikre deg dokumentasjon!
Når du handlar næringsmiddel i utlandet, må du få med deg
- resept
- dokumentasjon på kva typar næringsmiddel som er kjøpte
- originale spesifiserte kvitteringar eller original spesifisert faktura med dokumentasjon på at du har betalt for alle utgifter
Du må kunne dokumentere at næringsmiddelet er utlevert frå eit apotek.
For å søke refusjon frå Helfo må du òg ha ei legefråsegn som opplyser om diagnosen og allmenntilstanden din.
Døme
Fiona sørger for å ta vare på resepten og dokumentasjon på at næringsmidla er betalte.
Send søknad til Helfo
Når du har kjøpt næringsmidla, kan du søke Helfo om refusjon.
For detaljar om dokumentasjonskrav, sjå «Hugs dokumentasjon!». Skjema og dokumentasjon må sendast til Helfo innan 6 månadar frå kvar enkelt kjøpsdato.
Papirskjema
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden bruke papirskjema.
Er du utsend arbeidstakar eller student, skal du fylle ut og sende inn
Er du pensjonist, skal du fylle ut og sende inn
Søknaden sender du til: Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg .
Døme
Fiona sender inn digitalt skjema saman med all relevant dokumentasjon til Helfo innan 6 månadar.
Fullmakt ved kontakt med Helfo
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.