Innanfor muskel- og skjelett-lidingar kan kiropraktorar
- utføre undersøking og behandling, utan tilvising frå lege
- vise pasientar vidare til legespesialist
- vise pasientar til bildediagnostikk (for eksempel røntgenundersøkingar)
- sjukmelde pasientar i opptil tolv veker
Betaling hos kiropraktor
Kiropraktoren har fri prissetting, og kan sjølv velje prisen for behandlinga dei gir.
Helfo utbetalte tidlegare ein liten stønad til slik behandling. Stortinget avvikla denne ordninga frå 1. januar 2025. Det betyr at du no må dekke alle utgiftene dine til kiropraktor sjølv.
Utgreiing hos kiropraktor
Kiropraktoren skal undersøke helseplagene du har, både gjennom ei fysisk undersøking og spørsmål om plagene du har.
Kiropraktoren vil sjekke kor godt du kan bevege ledd og musklar og leite etter smertekjelder i kroppen din.
Kiropraktoren kan også spørje deg om eventuelle
- sjukdommar og skader du har hatt før
- medisinar du tek
- belastingar i heimen og på arbeidsplassen din
Kiropraktoren kan ved behov vise deg (henvise) til fastlegen eller til spesialisthelsetenesta for utgreiing.
Behandling hos kiropraktor
Du vil får individuelt tilpassa behandling basert på
- sjukehistoria di
- undersøkinga hos kiropraktoren
- eventuelle funn frå bilet-diagnostikk
- Behandlinga kan mellom anna bestå av informasjon og rådgjeving for plagene dine
- ulike behandlingsteknikkar, som for eksempel leddmanipulasjonsbehandling («knekking»)
- øvingar
I behandlingsforløpet kan kiropraktoren samarbeide med fastlege, fysioterapeut, legespesialistar i spesialisthelsetenesta eller andre.
Tilvising (henvising) til kiropraktor
Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få behandling hos kiropraktor.
Du må sjølv finne informasjon om kiropraktorar der du bur.
Krav til kiropraktorar
I Noreg må ein vere autorisert av Helsedirektoratet for å kunne kalle seg kiropraktor.
Kiropraktorar er som anna helsepersonell i Noreg bundne av kravet om at arbeidet deira er fagleg forsvarleg, slik det er omtala i Helsepersonelloven (lovdata.no).
Dersom det skjer feil eller skade som følgje av kiropraktisk behandling hjå ein kiropraktor i Noreg, har pasienten rettar ifølgje Pasient- og brukarrettsloven (lovdata.no).
Som autorisert helsepersonell er kiropraktorane også underlagde fagleg tilsyn og klagebehandling hjå Helsetilsynet.
Kiropraktor i EU/EØS
Du kan få dekket visse typer kiropraktor i EU/EØS-området etter norske regler. Du legger ut for behandlingen, og søker Helfo om refusjon i etterkant.