Behandling hos logoped eller audiopedagog

Barn i grunnskulen og vaksne med særskilt behov for opplæring kan ha rett til logoped- eller audiopedagogtenester frå kommunen som eit spesialpedagogisk tilbod etter opplæringslova. Fylkeskommunen pliktar å tilby slik hjelp til ungdom i vidaregåande skule.

Scrabble brikker

Helfo kan gi stønad til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped og audiopedagog etter folketrygdlova, dersom det offentlege ikkje yter stønad etter anna lov.

Kven kan få stønad til logoped- og audiopedagogtenester frå Helfo?

Du som har behov for behandling hos logoped eller audiopedagog som ein del av behandling eller etterbehandling av sjukdom, skade eller lyte, kan få stønad til undersøking og behandling hos logoped og audiopedagog frå Helfo.

Helfo kan gi stønad til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped eller audiopedagog etter folketrygdlova § 5-10 dersom det offentlege ikkje gir stønad etter opplæringslova, helse- og omsorgstenestelova eller spesialisthelsetenestelova.

Du må få tilvising (henvisning) frå lege før oppstart av behandling. Legen skal oppgje diagnose på tilvisinga.

Det er logopeden eller audiopedagogen sitt ansvar å vurdere om du fyller vilkåra for stønad.
Du treng ikkje lenger å sende søknad til Helfo før oppstart av behandling.

Kva betalar du hos logoped/audiopedagog? 

Du skal ikkje betale for undersøking eller behandling viss logopeden eller audiopedagogen din har avtale om direkte oppgjer med Helfo. Det er difor viktig at du sjekker om behandlaren har ein slik avtale før du startar behandling. Stønaden vert då betalt til logopeden eller audiopedagogen.

 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Behandling hos logoped eller audiopedagog. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 22. desember 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/behandlere/behandling-hos-logoped-eller-audiopedagog/

Sist oppdatert onsdag 22. desember 2021