Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Viss du er avhengig av heroin eller andre opioid, kan du få behandling med opioidhaldig medisin i kombinasjon med annen rehabilitering. LAR bidrar til auka levealder, minska forbruk av rusmiddel og betre livskvalitet.

Kva er LAR?

Legemiddelassistert rehabilitering  (LAR) er ei behandling for opioidavhengigheit. Viss du er avhengig av heroin eller andre opioid kan du få behandling med medisinar som inneheld ei bestemt dose opioid, i kombinasjon med andre tiltak for rehabilitering.

Målet med LAR er at kvar enkelt pasient skal oppnå best mogleg

  • helse
  • funksjons- og meistringsevne 
  • livskvalitet

I tillegg er det eit mål å redusere skadane av opioidbruk og faren for overdosedødsfall. LAR er ein del av Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i spesialisthelsetenesta. Du kan bli tilvist til LAR frå fastlegen din, frå psykolog, frå helse- og sosialtenesta i kommunen, eller frå anna spesialisthelseteneste.

LAR er gratis for deg. Du betaler ikkje eigendel for behandlinga i LAR.

Lege eller psykolog i TSB vil vurdere om du oppfyller kriteria for opioidavhengigheit, blant anna ut frå kor mykje og kor lenge du har brukt heroin eller andre opioid.

Pasientar som ikkje oppfyller kriteria for LAR, eller som ønsker anna behandling, kan få tilbod om gradvis nedtrapping av rusmiddel kombinert med støttesamtalar.

Forebygging av overdoser og overdosedødsfall

Kunnskap om hvordan en forebygger overdoser er viktig for alle som har eller står nær mennesker med et rusproblem.

Oppfølging i LAR

Når du startar i LAR vil du få hjelp til å laga dine eigne mål for behandlinga. Dette kan du inkludera i ein individuell plan, som du har rett til å laga saman med tenesteytarane dine. I tillegg til medisin kan dette omfatta hjelp til

  • psykisk og fysisk helse
  • bustad
  • aktivitet
  • utdanning
  • arbeid
  • nettverk

Vanlegvis blir det oppretta ei ansvarsgruppe rundt deg. Denne kan til dømes bestå av ein ruskonsulent frå kommunen, fastlegen din og ein LAR-konsulent, i tillegg til deg sjølv.

I oppfølginga leggast det stor vekt på kva som er måla dine, og kva som er viktig for deg. Behandlinga tilpassast ønska og behova dine, og varierer avhengig av dette. Det er viktig at du medverkar i di eiga behandling og tilfriskning.

Rehabilitering i LAR er for dei fleste ei langvarig behandling som kan vare heile livet. LAR er eit samarbeid mellom pasienten, spesialisthelsetenesta, helse- og omsorgstenesta i kommunen og fastlegen.

Legemiddel som blir brukte i LAR

I hovudsak blir det brukt to morfinliknande legemiddel i LAR: 

  • buprenorfin
  • metadon

Både buprenorfin og metadon har vist seg å vere effektive legemiddel i LAR, og begge har vore brukt i mange år.

Nokre få pasientar kan oppleve biverknadar av metadon eller buprenorfin. Det leggast derfor vekt på pasienten sine erfaringar, ønske og behov ved val av legemiddel og behandlingsplan. For pasientar som har vesentlege biverknadar, kan ein vurdere å bruke langtidsverkande morfin i staden.

Det er legen i LAR som tek den endelege avgjerda.

Lavterskel-LAR

For nokre av dei som er avhengige av ulike rusmiddel kan det vere vanskeleg å delta i LAR slik det ordinære tilbodet er organisert.

I dei største byane er det difor etablert eit lavterskeltilbod som du kan oppsøke utan tilvising frå lege eller andre. Les meir om tilboda i:

LASSO (oslo.kommune.no) tilbyr substitusjonsbehandling til deg som er avhengig av opioider. 

Telefon: 23 42 76 29

Besøksadresse: Dalsbergstien 1, Oslo

LAR Årstad (helse-bergen.no) er eit tilbod til personar som bruker heroin eller andre opioid.

Telefon: 55 97 07 00

Besøksadresse: Møllendalsveien 31, 5009 Bergen

LAR Øst (helse-stavanger.no) har ansvar for LAR-behandling til pasientar som bur i Stavanger kommune.

Telefon: 48 15 59 41

Besøksadresse: Lervigsveien 16, 3. etasje

LAR 78 (helse-stavanger.no) er ei eining i avdeling for rus- og avhengnadsbehandling (ARA)

Telefon: 51 51 29 38

Besøksadresse: Lagårdsveien 78, 6. etasje.

Lågterskel-LAR er ein enklare modell som har som mål å gjera det lettare og raskare å komma inn i LAR. Her er det enklare søknadsprosedyrar og raskare tilgang til behandling. 

Du kan lese meir om lavterskel-LAR i denne rapporten frå SERAF (pdf).

Behandling av samtidige rusproblemer og psykiske lidelser

Hvis du har rusproblemer og samtidig har en psykisk lidelse (ROP-lidelse) bør du få behandling som ser disse to problemene i sammenheng.

Forsking på LAR

LAR bidrar til å redusere dødstal og hindre overdosar, og pasientar i LAR har ein stor nedgang i kriminalitet samanlikna med tidlegare.

Du finn meir informasjon om forskning på LAR på denne sida frå Universitetet i Oslo.

I Bergen finn du Bergen Addiction Research Group (helse-bergen.no). Det er ei forskingssatsing ved Avdeling for rusmedisin. Forskingsgruppa jobbar tett med det kliniske fagmiljøet rundt LAR.

NORCATS (helse-bergen.no) er eit nasjonalt forskingssenter for substitusjonsbehandling ved rusmiddelavhengnad.

 

proLAR Nett - Nasjonalt forbund for folk i LAR

Brukerorganisasjonen proLAR Nett er av og for brukere av LAR.

RUSinfo

915 08 588

Ring eller chat med Rusinfo heilt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.

Ivareta - Pårørendetelefonen

800 40 567

Trenger du veiledning eller noen å snakke med? Ring pårørendetelefonen anonymt.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 29. april 2025 [henta laurdag 10. mai 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rus-og-avhengighet/legemiddelassistert-behandling-lar/

Sist oppdatert tirsdag 29. april 2025