Tromsøpalme kan gje kraftig hudreaksjon

Tromsøpalme (Heracleum tromsoensis) inneheld plantesaft som kan gje kraftig utslett på hud. Ta kontakt med Giftinformasjonen dersom du eller barnet ditt har hatt hudkontakt med tromsøpalme.

Foto: Klaus Høyland

​​Symptomar

Tromsøpalme inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg. I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda. Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.

Behandling

  • Vask huda godt med såpe og vatn. 

  • Unngå deretter direkte sollys i minst 2 døgn.

  • Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.

  • Kontakt lege dersom det utviklar seg sår.

Beskriving av tromsøpalme

Bilde nynorsk.jpg

Generelt illustrasjonsbilete av ein skjermplante, med tillatelse frå Siri Skoglund ©.

Kjenneteikn på tromsøpalme:


Sveip: Manglar både storsveip og småsveip.
Blad: Store blad, finna med spisse, flika småblad.
Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 5 cm tjukk. Jamt raudfarga nedst på stengel.
Blome: Kvit. Ytre blomar i dei ytre småskjermane har større kronblad utover.
Rot: Ingen spesielle kjenneteikn.
Høgde: To til fem meter høg.
Lukt: Ingen spesiell lukt
Voksestad: I bjørkeskog og lier, skogkantar, eng, langsmed bekker og på tangvoll, elles i vegkantar og på skrotemark. Vanleg i kyststrøk i Nord-Noreg frå Finnmark til Nordland. Fleire stader i Sør-Noreg også.


Foto med løyve frå Klaus Høyland.

Meir informasjon om fototoksiske skjermplanter kan du lese her:
Fototoksiske skjermplanter

Informasjon om forgiftningar med andre typar skjermplanter kan du lese meir om her: Identifikasjon av giftige skjermplanter i Norge.