Mahonia

Mahonia (Mahonia aquifolium) inneheld mildt irriterande plantesaft. Dei mogne, blå bæra er ikkje giftige. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete litt større mengder mahonia.

Blå bær i klaser hengende på grønn busk med taggete blader

Symptom på forgifting med mahonia

Ved litt større inntak av mahonia kan du få desse symptoma:

  • Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

​Blada er spisse og kan føre til mekanisk irritasjon.

Førstehjelp ved forgifting med mahonia

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete litt større mengder mahonia.

Beskriving av mahonia

​Mahonia er ein 50–120 cm høg busk med grøne, kristtornliknande blad. Den har gule blomar som veks i tette klasar. Den får blåsvarte/blådogga bær på ca. 8 mm.

Mange små gule blomster i tette klaser, på busk med dypgrønne blader

Kontakt Giftinformasjonen om uhellet er ute

22 59 13 00

Døgnopen telefon.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Mahonia. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 14. juni 2021 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/mahonia/

Sist oppdatert måndag 14. juni 2021