Symptom ved forgiftning med klematis
- Magesmerter
- Kvalme
- Oppkast og/eller diaré
Førstehjelp ved forgiftning med klematis
- Fjern eventuelle planterestar fra munnen
- Gi litt drikke
- Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete meir enn ein smakebit av klematis
Skildring av klematis
Klematis høyrer til rankeslekta og er ei svært populær hageplante. Planta er gjerne ei klatreplante med trehard stengel, men kan vere alt frå små planter som strekk seg opp nokre titalls centimeter, til ei slyngplante på mange meter.
Blomane kan variere i farge og form. Det finnast variasjoner av blå, fiolette, gule, raude og kvite blomar. Nokre er opne, medan andre kan vere meir klokkeforma.
Planta er kjent for å smake vondt.