Symptom på forgiftning med juleglede
- Juleglede er ei ufarlig plante, og vi forventar ikkje symptom ved ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med juleglede
- Fjern eventuelle planterestar frå munn
- Gi gjerne litt drikke for å fjerne planterestar eller ubehageleg smak frå munn
Skildring av juleglede
Juleglede har rosa eller kvite blomar med gule støvbærarar og grøne blad.