Grønne nøtter på kvist med grønne taggete blader.

Eikenøtter inneheld irriterande forbindingar, som kan gje symptom frå magen ved inntak.

Symptom ved forgifting med eikenøtter

  • ​magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • forstoppelse

Førstehjelp ved forgifting med eikenøtter

  • Fjern eventuelle restar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom du har inntatt meir enn 5 eikenøtter.
  • Ring lege ved meir enn lette mage- og tarmsymptom.

Skildring av eikeslekta

Eikeslekta i Noreg består av sommareik, vintereik og raudeik. Hybrid innan slekta kan og forekome. Sommareika har blada festa nær greinene, medan vintereika har stilka blader.

Hos nøttene er det omvendt: nøttene til vintereika sitt rett på greina, medan nøttene til sommareika er stilka.

Eikeløv i brun, grønn og gul farge med avrundede fliker

Tre avlange, runde,  lysebrune nøtter i klase

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Eikenøtter. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tirsdag 23. januar 2024 [henta lørdag 13. september 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/eik/

Sist oppdatert tirsdag 23. januar 2024