Blokkebær er ikkje giftig

Blokkebær (Vaccinium uliginosum) blir òg kalla mikkelsbær eller skinntryte. Blokkebær kan forvekslast med blåbær. Dette er ikkje farleg då blokkebær ikkje er giftig.

Blågrønne blader som er runde i spissen med blåsvarte bær.

Blokkebær kan forvekslast med blåbær. Dette er ikkje farleg då blokkebær ikkje er giftig.

Beskriving av blokkebær

Blokkebær er ei lita, lauvfellande busk med blåsvarte bær som liknar på blåbær. Bæra er derimot lysare enn blåbær, meir avlange og har kvitt fruktkjøt. Dei er dessutan dekte av ei tynn vokshinne.

Blada er blågrøne og runde i spissane. Blada har heil kant i motsetnad til blåbær, som har sagtakka blad.

Symptom etter inntak av blokkebær

Vi forventar ikkje symptom etter å ha ete blokkebær.

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Blokkebær er ikkje giftig. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 22. januar 2024 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/planter-og-bar-a-a/blokkebar/

Sist oppdatert måndag 22. januar 2024