Kjempebjørnekjeks kan gje kraftig hudreaksjon

Kjempebjørnekjeks (Heracleum mantegazzianum) inneheld plantesaft som kan gje kraftig utslett på hud. Ta kontakt med Giftinformasjonen dersom du eller barnet ditt har hatt hudkontakt med kjempebjørnekjeks.

Bjørnekjeks kan gi kraftig hudreaksjon
Foto: biopix.dk

Symptomar

​Kjempebjørnekjeks inneheld plantesaft som kan gje kraftig hudutslett. Utslettet svir, er gjerne raudt og eksemliknande, og væskefylte blemmer kan utvikle seg. I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda. Denne typen utslett oppstår i tilfelle der du først får plantesafta på huda, for deretter å vere ute i sollys. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.

Behandling

  • Vask huda godt med såpe og vatn. 

  • Unngå deretter direkte sollys på eksponert hud i minst 2 døgn. 

  • Bruk solkrem med høg faktor, eller dekk til det aktuelle hudområdet.

  • Kontakt lege dersom sår utviklar seg.

Beskriving av kjempebjørnekjeks

Bilde nynorsk.jpg

Generelt illustrasjonsbilete av ein skjermplante, med tillatelse frå Siri Skoglund ©.

Kjenneteikn på kjempebjørnekjeks:

Sveip: Manglar både storsveip og småsveip
Blad: Meterlange, fleire gongar kopla eller finna, med spisse flikar
Stengel: Grov og kantete, innhol. Inntil 10 cm tjukk, raudflekka nedst
Blome: Kvit. Planten døyr oftast etter bløminga.
Rot: Ingen spesielle kjenneteikn
Høgde: To til fire meter høg
Lukt: Sterk anislukt
Voksestad: Skogkantar og eng, elles på vegkantar og anna skrotemark. Spreidd på Austlandet opp til Lillehammer og i kyst- og fjordstrøk nord til Trøndelag, kanskje til Helgeland/Tromsø.

Meir informasjon om fototoksiske skjermplanter kan du lese her:

Informasjon om forgiftningar med andre typar skjermplanter kan du lese meir om her: Identifikasjon av giftige skjermplanter i Norge.