Symptom ved forgifting med azalea
- magesmerter
- kvalme
- oppkast
- diaré
Ved større inntak kan azalea gi andre symptom i tillegg.
Førstehjelp ved forgifting med azalea
- Fjern eventuelle planterestar frå munn.
- Gi litt drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt kan ha smakt på meir enn to blad fra azalea.
- Kontakt alltid Giftinformasjonen dersom uhellet gjeld eit barn med hjartesjukdom.
Skildring av azalea
Azalea er planter tilhøyrande i rhododendronslekta. Planta har små mørkegrøne blad, med blomar i mange forskjellige fargar.