Årsak til koparforgiftinga
Gløgg er ein sur drikk (låg pH-verdi). Dersom du varmar opp gløgg i kokekar som er samansett av kopar eller kjelar med koparbelegg på innsida (typisk vatnkjele som ikkje er vaska jamleg), vil gløggen løyse opp koparen som så blir frigjort til drikken/gløggen.
Det same vil òg skje dersom andre sure næringsmiddel blir oppvarma på same måte.
Symptom ved koparforgiftinga
- Kopar verkar irriterande på slimhinna i mage/tarm og kan gi kvalme, oppkast og diaré.
- Symptoma kjem ofte raskt, allereie ti minutt etter inntak.
- Sjølv små mengder kopar kan gi symptom.
Førstehjelp ved koparforgiftinga
- Behandlinga er som ved ein vanleg omgangssjuke. Det viktigaste er å få i seg nok væske (drikke godt).
- Kontakt lege dersom symptoma blir kraftige eller langvarige.
Kokeutstyr som bør unngåast
- Koparkjelar som er samansette av kopar.
- «Vatnkjelar»: Kjelar som blir brukte til koking av vatn, og som ikkje blir vaska jamleg. Desse vil etter kvart få eit koparbelegg på innsida på grunn av førekomst av kopar i drikkevatnet.
- Vatnkokarar: Varmeelementa og spiralane inne i kokaren kan vere laga av kopar, i tillegg til at det kan avsetjast koparbelegg.