Kva er skilnaden på mateddik og eddikessens?
Eddik inneheld eddiksyre. Kor alvorlege symptoma blir, kjem mellom anna an på styrken på produktet.
Vanleg hushaldningseddik på 5-7 % gir sjeldan meir enn lette symptom. Mateddik på 7-10 % kan irritere auge, hud og slimhinner.
Eddikessens inneheld 35 % eddiksyre. Produktet er sterkt etsande og kan gi alvorlege skadar på auge, hud og slimhinner.
Eddikessens kan gi alvorlege etseskader
Ved uhell med eddikessens kan det oppstå alvorlege etseskadar i auge, hud eller slimhinner. Det er også fare for hevelse i svelget og pustevanskar.
Kva skal eg gjere dersom nokon har svelgt eddikessens?
Dersom nokon har fått eddikessens i munnen eller svelgt eddikessens:
- Skyl munnen godt med store mengder vatn.
- Drikk små slurkar vatn, inntil 1-2 dl.
- Ring 113 med ein gong.
Kva skal eg gjere ved søl av eddikessens i auget?
- Skyl straks med rennande, lunka vatn i 30-60 minutt.
- Fjern eventuelle kontaktlinser forsiktig.
- Ring legevakt på 116 117 medan du skyl.
Kva skal eg gjere ved søl av eddikessens på huda?
- Skyl godt med rennande, lunka vatn i 30-60 minutt.
- Ring Giftinformasjonen medan du skyl.
- Kontakt lege dersom det oppstår sår eller blemmer.
Mateddik gir vanlegvis milde symptom
Ved svelging
Mateddik kan gi irritasjon i munnhole, svelg og magesekk.
- Drikk litt vatn.
- Sjå an tilstanden heime ved lette mageplager.
Kontakt Giftinformasjonen dersom det oppstår meir enn lette symptom, eller dersom det er drukke større mengder ufortynna mateddik.
Ved søl i auget
Mateddik kan gi raude og irriterte auge.
- Skyl auget grundig med rennande vatn inntil 15 minutt.
- Kontakt lege dersom symptoma ikkje går over
