Bakepulver

Bakepulver i rein form er lite farleg å smake på. Inntak av større mengder med pulver kan likevel føre til ei forgifting.

Bakepulver på en skje

Å smake på litt bakepulver er ikkje farleg. Gi gjerne litt drikke etter slike uhell.

Kva er bakepulver?

Bakepulver består av natriumhydrogenkarbonat, sure sambindingar og stivelse.

Symptom ved uhell med bakepulver

Inntak av bakepulver

For eit barn er inntak av inntil 1 teskei bakepulver ufarleg.

Større mengder bakepulver kan gi:

  • Kvalme, oppkast og generell slappheit.
  • Svært store inntak kan gi alvorleg forgifting, dette skjer sjeldan.

Bakepulver i auge

  • Forbigåande svie, rennande auge og ubehag

Bakepulver i luftvegane

  • Hoste, luftvegsplager

Førstehjelp ved uhell med bakepulver

Inntak av bakepulver

  • Gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd (22 59 13 00) dersom eit barn har fått i seg meir enn 1 teskei.

Bakepulver i auge

  • Skyl med vatn i nokre minutt. Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Bakepulver i luftvegane

  • Kontakt lege dersom symptoma frå luftvegane varar ved, utover lett og forbigåande irritasjonshoste.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Bakepulver. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 11. mars 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/mat-og-drikke/bakepulver/

Sist oppdatert torsdag 11. mars 2021