Fargelegging og barn

Fargestiftar, vatnfargar, krit og fingermåling for barn er ufarlege. Farge som ikkje går bort med vatn, kan slitast bort av seg sjølv og er ikkje farleg.

Formingsmateriell

Fargestiftar til barn

​Fargestiftar til barn er ikkje giftige. ​​​​​​

Ved svelging av bitar av fargeblyantar ventar vi ikkje forgiftingar. Dersom bitane er store, kan barnet setje dei fast i halsen. Kontakt eventuelt lege for råd.

Fingermåling

​Fingermåling til barn er ikkje farleg å smake på. ​Farge som blir sittande att på fingrar​ og hud, og som ik​kje går bort med vatn, kan slitast bort på naturleg vis og er ikkje farleg.

Krit

​Fargekrit, skulekrit og krit til barn er ufarlege. Ved store inntak kan lette, forbigåande symptom frå magen oppstå. Gi gjerne litt drikke.

Vatnfargar til barn

​Vatnfargar til bruk av barn er ufarlege å smake på.

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Fargelegging og barn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 22. desember 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/tegne-og-hobbysaker/fargelegging-og-barn/

Sist oppdatert onsdag 22. desember 2021