Deodorant

Å smake på ein deodorant er lite farleg ved eit uhellsinntak.

Grønn roll-on deodorant med avskrudd kork

Uhell med deodorantar er stort sett lite farleg.

Innhald i deodorantar

Deodorantar finst i ulike variantar: stiftar, roll-on og spray. Deodorantar kan mellom anna innehalde aluminiumssambindingar, etanol, parfyme og små mengder bakteriedrepande middel. 

Symptom ved inntak av deodorant

Produkta kan gi symptom frå mage og tarm, som

  • Kvalme
  • Oppkast
  • Diaré

Innhaldet i deodorantar kan verke irriterande på slimhinner og auge.

Førstehjelp ved uhell med deodorant

Ved svelging av deodorant

  • Gi litt drikke

Ved svelging utover ein smak, kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging.   

Ved vedvarande hoste etter uhell med deodorant-spray i munnen skal du kontakte Giftinformasjonen for vurdering.

Ved sprut i auga

  • Skyl godt med rennande lunka vatn i 2–5 minutt
  • Ved vedvarande symptom etter du har skylt, kontakt lege

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Deodorant. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 18. januar 2024 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/deodorant/

Sist oppdatert torsdag 18. januar 2024