Du har en nettleser som vi ikke støtter. Les om godkjente OS/nettleserversjoner

Hopp til hovedmeny Hopp til innholdet

Brannslukkingsapparat med pulver

Handslukkere på markedet i dag kan delast inn i 4 hovudtypar: vann-, skum-, CO2- og pulverslukkere. I norske husstandar finn ein hovudsakeleg pulverapparat. Her omtalas difor berre denne typen brannslukningsapparat.

Brannslukningsapparat med pulver kan gi forgiftninger
Foto: Johnér Bildbyrå AB

​​Innh​​​ald

Det finnes to typar pulverapparat. ABC-pulver består av ammoniumfosfat og ammoniumsulfat. BC-pulver inneheld blant anna natrium- og/eller kaliumbikarbonat, kaliumsulfat og kalsium. I tillegg kan begge typer pulverapparat innehalda metallstearater (t.d. sink, aluminium og magnesium), “flytemiddel” (t.d. talkum) og silikoner.

Brannslukningspulver består av mange svært små pulverkorn.

Desse gjev ei stor overflate som vil binda opp frigjort varme og stansa forbrenningsprosessen.

​​Sym​​​​ptom

Pulveret er lite farleg å få i seg, men kan verka lett irriterande og uttørkande på slimhinner i auge, luftvegar og mage-tarmkanalen. Kvalme og brekningar kan koma både ved innanding og svelging av pulver. Innanding av større mengder pulver kan gje pustevanskar og risiko for utvikling av lungeødem.

Ved massiv eksponering for pulver kan ein få akutt oksygenmangel.

​Beha​​​​ndling

S​​kyll auge og slimhinner godt. Drikk rikeleg med væske. Ved symptom frå luftvegar bør den eksponerte til lege eller sjukehus for vurdering/observasjon.